I dag startar rettssaka mot Bane NOR. I fleire år har grunneigarane og Bondelaget kjempa for at Bane NOR skal vedlikehalde gjerdene sine. Me har vore møtt med er trugslar om å ta ned gjerdene eller overdra dei til grunneigarane, og no eitt løfte om nye gjerder viss grunneigar tek på seg vedlikehald. Argumenta til Bane NOR held ikkje vatn på fleire hald, og no skal dei prøvast i domstolen.

Ansvar

Me har dokumenter som viser at jernbanen skal gjerde for linja. Det må og inkludere vedlikehald – det har i det minste jernbanen gjort fram til nyleg.

Praktisk

Bane NOR meiner det er enklare om bøndene tek seg av det sjølv. Men korleis ein bonde skal klare å vedlikehalde gjerder i kupert landskap i Dalane der det er vanskeleg å ferdast eller på flate Jæren der toga kjem i høg fart, med høgspentlinjer og strenge HMS-krav klarer me ikkje sjå. Det er Bane NOR som har kompetansen på vedlikehald langs gjerdene, ikkje bonden.

At Bane NOR har «spisset seg» kan ikkje bety at dei kan fritt seie frå seg sitt ansvar for å halde gjerdene ved like.