Resolusjon frå årsmøtet i Rogaland Bondelag 2013.
Utan importvern og jordvern stopper landbruket. Importvernet og matjorda er avgjerande om ein skal auke norsk matproduksjon
•Regjeringa har lova å sikre ei auke i norsk matproduksjon i takt med befolkningsauken som er omlag 1% per år.
•Regjeringa må nytta seg av retten til å ha eit best mogleg fungerande importvern for norskproduserte varer.
•Utan importvern vil det vera umogleg å ha produksjon i heile landet.
•Matjorda må tas vare på, og ikkje brukast til anna verksemd. Dette for at våre etterkommarar skal kunne produsere sin eigen mat.
Landbruket treng langsiktige planar oginntektsmoglegheiter som gjer at næringa kan fornyast og vidareutviklast ut frå framtidige behov.Då er importvernet avgjerande, og matjorda ein føresetnad.