Resolusjon frå årsmøte i Rogaland Bondelag 2022

Resolusjon frå Rogaland Bondelag, årsmøte 2022
Ei urolig verd krev eit robust landbruk.
I ein krevjande og ustabil verdsmarknad er norsk mat på norske ressursar viktigare enn det har vore på lenge!
Eit aktivt landbruk er den beste beredskapen. I ein pressa verdsmarknad er det viktig å auka
sjølvforsyninga i solidaritet med andre land.
Rogalandsbonden leverer trygg og bærekraftig mat i verdsklasse, og har høve til å auka produksjonen, men då treng den aktive bonden dekning for kostnadsvekst og inntekt på nivå med andre.
Rogalandsbonden vil og kan auka sjølvforsyninga og gjera Noreg mindre avhengig av import.