Protestmarsj i Bjerkreim
Mange Bjerkreimsbønder var med på protestmarsjen på E-39 i dag. Ei lang rekke med kjeledressar og plakater tok beina fatt for å koma frå Bjerkreim til Vikeså. Mange av bilane som passerte tuta og vinka og hadde tommelen opp. Markeringa i Bjerkreim var for å visa frustrasjonen over politikarar som ikkje tek bøndene på alvor
Turen endte hjå Ordførar Marthon Skårland (H) som har kontor i same bygg som NAV-avdelinga til Bjerkreim. Han forstår godt frustrasjonen.
E-39 går rett gjennom matfatet i Bjerkreim. Målet var å gje dei vegfarande noko å tenkja på. Samtidig viste me at det som skjer i jordbruksforhandlingane gjeld kvar og ein av oss. Ein vellukka aksjon som gjorde godt for kropp og sjel!
NRK og TV2 var med oss på turen. Det var bra. Lokalavisa DT var og på plass.