Ordførar. Gode yrkessøstre og brør.

Me representerer ein bondestand som er heilt gjennomsnittleg. Bøndene rundt i Norge er like forskjellige som folk flest. Me opplever gode dagar og vonde dagar. Me blir sjuke, gifter oss og skil oss omtrent som andre folk. Me opplev ulykker, dødsfall og livsendrande hendingar i familie og venekrins - akkurat som andre.

Å ha nokre dagar som er nedstemte, nokre skikkelege drittdagar, er ein del av livet. Likevel er det nokre faktorar som gjer at nedstemte dagar for ein bonde lettare kan utvikla seg psykisk uhelse. Iallfall er ringverknadane ekstra store, for bonden, familien og dyra, når ein bonde går ned for teljing.

Det er når ein «nedstemt drittdag» går over til noko som du ikkje klarer å handtera, at det bikkar over til å vera sjukdom. Når verken dyr i fjosen eller familie er viktig lenger. Når du ikkje kjem deg ut av dei nedstemte kjenslene på eiga hand.

Mange bønder seier at dei ofte er einsame. Me har periodevis eit stort arbeidspress, ofte over dårleg likviditet og eit tyngande ansvar. Ofte er familieøkonomien nært knyt opp til drifta, og dårlege avlingar eller ein naudslakt i fjosen slår direkte ut på den personlege økonomien. Kanskje kjenner du ekstra hardt på å bli stempla som dyremishandlar, fordi nokre andre i næringa di ikkje klarer å fylgja opp si drift. Kanskje er du ein av dei som snart har venta i 2000 dagar på erstatning etter pelsdyrforbodet? Kanskje kjenner du på bekymring når kornet, grønsakene og graset regnar eller tørkar vekk.

I ei spørjeundersøking om HMS i landbruket svarer ca 9% av dei spurte at dei ofte eller av og til tenkjer at dei burde oppsøkt hjelp med psykiske utfordringar. 30% av dei spurte seier at dei kjenner ein bonde som dei er bekymra for. 9,5% av deltakarane som har oppsøkt helsehjelp, gjorde det på grunn av psykisk uhelse.

 

Eg er stolt av å vera med i ein fagorganisasjon som mellom alle andre kampar, brukar tid og ressursar på medlemmene si helse. For hjelpa finnes, både i den offentlege helsetenesta, i god kollegastøtte mellom andre gjennom bondelaget, i HMS tenesta til NLR.

 

Me må halda fram å prioritera velferd, og legga til rette for openheit om psykisk helse. 

 

For som sagt, bønder er som folk flest!