Ståle Hustoft, ny

       

Eg er 43 år, gift med Åsne og pappa til fire ungar frå 2 til 8 år.Er utdanna agronom og overtok heimegarden i 2006. Her mjølkar me 85 tonn mjølk i lausdrift, har nokre ammekyr og om lag 40 sauer. Eg har jobba fleire år som lærar og miljøarbeidar på folkehøgskule og vidaregåande skule, vore kommunal landbruksvikar og barne- og ungdomsarbeidar. Styreerfaring frå 5 år som AU medlem og GENO-kontakt i lokalt produsentlag, styreleiar i rekneskapslag og kyrkjelege fellesråd og fleire andre verv innan landbruk og frivillig arbeid.I Bondelaget starta eg som styremedlem nokre år tidleg på 2000-talet. Vart vald til leiar i Tysvær bondelag i 2020.

Reinert Idsø, ny

Eg er 48 år, bor på Idse i Strand kommune. Bor sammen med Anita og våre to barn på 13 og 14. Eg har og to 2 »bonusbarn» på 24 og 27 år.

Er oppvokst på gården som eg overtok i 2007. Driver med melk, storfekjøtt og sau. Har kvote på 190.000 ltr. der 60.000 ltr. er leigd. I tillegg driv eg med snøbrøyting og salting av kommunale veier om vinteren. Eg er utdanna agronom ved vinterlandbrukskulen i Ryfylke. Har vært i styret i Strand Bondelag siden 2015. Først 3 år som kasserer og som leder siden 2018. 

Jakob Eskeland, på val

Eg er 42 år. Født og oppvaksen i Etne i Hordaland. Eg er gift med Borghild som er lærar, og har 3 barn. Me kjøpte eit gardbruk i 2011 med mjølkeproduksjon i Øvre Vats. Er aktiv deltakar i samdrift med naboen, og produksjonen er ca. 460 tonn mjølk, fòrar fram ca. 2/3 av stutane og har 45 vinterfôra sau som har sommarbeite på Haukelifjell. Om vinteren jobbar eg litt som tømrar, og om våren og sommaren driv eg med leigekøyring med slangespreiing. Eg er utdanna tømrar og agronom. Eg har vore lokallagsleiar i Etne bondelag i to år, og i Vats bondelag i 5 år.

Bente Gro M. Slettebø, ikkje på val

Eg er 48 år, bur i Bjerkreim. Driv gard i lag med Brigt og 4 ungar mellom 16-22 år. Mjølk, storfekjøtt og sau.  Er glad i organisasjonsarbeid, og byrja som 10-åring i Bjerkerota 4H. Har vore utetevlingsleiar og leiar i Bjerkreim BU, nestleiar i RBU. Har elles vore styremedlem i Coop Vikeså 4 år. Har bak meg 6 år som sekretær i Bjerkreim Bondelag, har vore leiar der 3 år. Har i fleire år vore med i RBL sitt info. utval. Har vore 1. vara i styret i Rogaland Bondelag 2 år og nå snart ferdig med 4. år som styremedlem. Har tatt Ta-grep kurs 2016/17. Satt i sentral valkomité i Nortura i 2 år. Sit også i kommunestyret i Bjerkreim.. Er utdanna sjukepleiar. Ferdig agronom VLJ våren 2015.  Engasjerer meg fordi eg trur det nyttar.

 Jon Tore Refve, ikkje på val

Eg er 51 år, gift og har 3 barn. Driver melke- og storfekjøttproduksjon på Reve med ca. 300 storfe og 500 mål eget areal og 200 mål leigd areal. Leder i Bore bondelag si 2011, leder i Klepp KrF, vært 8 år i Klepp kommunestyre 1999-2007 pluss diverse utval bl.a. LU som innfattar landbruk i 2003-2007. Som lokallagsleder sitter eg i fylkesstyret til Rogaland KrF.

Varamedlemmar

1.vara Silje Bekkeheien

Eg er 37 år, gift med Bjørn Ståle og har 4 barn frå 8-14 år. Me er heiltidsbønder begge to og driver gard på Bekkeheien i Hå kommune. Me har smågrisproduksjon og selger ca 3500 smågris, i tillegg har me melkeproduksjon med kvote på ca 360 tonn. Me disponerer ca 350 mål med eigd og leigd jord. Har tillitsverv som medlem/leder i valgkomite i AU Nortura Agro, leder i valkomite Norsvin Hå, 2. vara i Fkra, nestleder i Nærbø Bygdekvinnelag, klubbrådgiver i 4H og trener i forskjellige sportsgreiner i barneidretten

2. vara Anbjørn Grønning

Eg er 31 år. Oppveksten har vært på gard hele tiden. Er samboer og har en liten sønn per i dag. Liker å jobbe med dyrene, jorda og naturen. Fikk begynne å drive gården i 2014 av min far som ville gi i fra seg. Begynte med en forpakningsavtale. Kjøpte gården i 2019. Driver med ammeku, sau og slaktekylling. Har ca.18 mordyr. Ca. 45 vinterfôra sau og produserer ca. 145000 slaktekylling i året. Er utdanna agronom og yrkessjåfør. Driver gård på Helleland i Egersund kommune. Har vært leder i Helleland Bondelag i 2 år og er enda med i styret til Helleland bondelag. Er opptatt av at alle skal ha en trygg og god arbeidsdag og en skal trives med det en jobber med.

3. vara Håvard Skavland

Eg er 46 år og kommer fra den lille øya Talgje i Stavanger kommune. Jeg driver med tomatproduksjon og det har jeg gjort siden jeg var 18 år. Siste 10 årene har vi gjort store investeringer, og nå har vi 25 mål under glass. Kona er fullt med i driften og vi har 3 barn fra 18-21 år. Jeg brenner for å få utvidet norskandelen på norsk frukt og grønt, samt kunne jobbe for å bli konkurransedyktige mot import i et presset marked.