Open gard på Bru

Aud Jorunn Gjedrem og Torleiv Jansen Bru inviterte inn til sin gard sundag 2. september
Det vart ein fin dag med flott haustvêr og godt med besøkande. Garden ligg i eit fantastisk flott landskap med aktiv jordbruksdrift. Arrangørane viste frem dyr som sauer, gris, hestar og små kyllingar.
Det var fleire aktivitetar for store og små – blant anna riding, staurbering, presisjonskøyring med gravemaskin, turløype og konkurranse i eksteriørbedømming av sau. Særleg var det populært med traktor blant dei små.
Me takkar for eit supert arrangement – her var det god innsats av vertskapet og av Rennesøy Bondelag!
Frå venstre: vertskapet Torleiv Jansen Bru og Aud Jorunn Gjedrem. Til høgre, Guttorm Gudmestad, lokallagsleiar i Rennesøy Bondelag