Ståle er lokallagsleiar i Tysvær Bondelag og driv med mjølk, ammekyr og sau. Han har bakgrunn som lærar, landbruksvikar og har hatt ymse styreverv i blant anna Geno, rekneskapslag og kyrkja.

-Takk til alle dykk som representerer Rogalandsbøndene, de har opptrett førebiletleg på årsmøte og har bidrege til eitt ryddig val. Eg er klar til å følgje opp det gode arbeidet Marit Epletveit har gjort, og eg kjem til å utføre leiargjerninga på mitt eige vis, sa Ståle Hustoft på takketala. Bondebladet kjem med eitt meir utfyllande intervju som de kan glede dykk til.

Ny som nestleiar er Jon Tore Refve frå Bore. Jon Tore har vore styremedlem i eitt år, og vara-representant i nokon år.

Reinert Idsø frå Strand er valt som nytt styremedlem. Han driv med mjølk, storfekjøt og sau på øya Idsø og har vore leiar av Strand Bondelag i fleire år.

Støtter grunneigarlaga

Årsmøte støtta samrøystes grunneigarane langs jernbanens søknad om 200.000,- i garanti til kamp mot Bane NOR. Bondelaget ser fram til ein avklaring om gjerdeplikt langs jernbanen slik at grunneigarane og dyra deira kan få fred.