Møte om gjerdehald langs jernbanen

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Terje Taule viser skadde gjerder etter Bane NORs vedlikehald langs linja, til Øystein Langholm Hansen (Ap).

Rogaland Bondelag saman med bondelaga i Lund, Helleland og Hå arrangerte møte med grunneigarane langs jernbanen for å drøfte korleis me skal forhalda oss til naboskapet til Bane NOR.

Over 60 grunneigarar møtte, saman med Øystein Langholm Hansen (Ap) frå Stortingets transportkomité og advokat Sean Grinde frå Vierdal Advokatfirma og Sem Varhaug Søberg frå juridisk avdeling i Norges Bondelag.

Erfaringane mellom grunneigarane er varierte. Mange har opplevd problem med naboskapet, særleg etter at ansvaret for jernbanen ble splitta opp mellom NSB og Bane NOR. Der jernbanen gjerda langs linja frå gamalt av under NSB, har Bane NOR bestemt seg for at dette ikkje lenger er deira ansvar. For å gjere ting verre, har konfliktskruen blitt stramma til i år. Bane NOR har begynt å helde tilbake erstatning for tapte dyr til jernbanen i enkelte tilfelle, og varsla at dei ynskjer å ta ned deira gjerder. Det har vore grunneigarar som har kontraktfesta at Bane NOR skal halde gjerder mot å få tilgang på grunneigars eigedom, men så køyrer dei på dyr.

Utfordringane variere også avhengig av kva del av jernbanestrekninga ein eig grunn langs –det er òg meldt om forskjellsbehandling mellom naboar, der ein grunneigar kan få god hjelp av Bane NOR til å reparere gjerder, får andre ikkje hjelp. Det er klart at dette er eit naboskap som byr på utfordringar for mange bønder.

Innspela frå, og historiene som blei fortalde av grunneigarane var mange og varierte, og var nyttige for Bondelaget og politikarane i salen. Denne saka er langt i frå over, og me står overfor ein politisk og juridisk prosess. Øystein Langholm Hansen er klar for å løfte saka politisk på vegne av Rogalandsbonden. Juristanes klare tilråding til grunneigarane som ynskjer å ta opp si sak rettsleg er at dei bør slå seg saman og samarbeide. Det er mykje førebuande arbeid knyta til blant anna å finne fram gamle dokumentar frå arkiva som bekreftar Bane NORs ansvar og gjerdeplikt.

 

Nokon sentrale momenter frå innlegget til advokat Grinde (vedlagt ligger ein pdf av plansjane han nytta).

  • Utgangspunktet er at det ikke foreligger rettslig grunnlag for at jernbanen har en alminnelig plikt til å holde gjerder langs linjene. Det må foreligge et særlig grunnlag for gjerdeplikt for Bane Nor. Dette kan for eksempel være en avtale eller følge av skjønnsforutsetningene fra den gang jernbanen tilegnet seg grunn til å bygge linjene. Med andre ord – man må gå grundig igjennom de gamle dokumentene for å få klarhet i hvem som har gjerdeplikt.
  • Dersom jernbanen har satt opp gjerde og eier gjerde, har de en plikt til å vedlikeholde.

 

Borte dårleg, heime best

Noreg treng friske bønder og landbruksarbeidarar. Difor gir me nokre tips og triks til oppførsel utanfor heimen.

Attvald gjennom nettval

Rogaland Bondelag gjennomførte i dag eit forenkla digitalt årsmøte med kunn årsmøtesaker og val.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Er du beredt?

Koronaviruset set oss alle på prøve. Me oppfordrar alle til å sjekke sin eigen gards beredskapsplan, slik at du er mest mogleg trygg på kva du skal gjere viss sjukdomen kjem til gards.

Januar er møtetid

Rogaland Bondelag har nytta januar til å møte andre aktørar i Rogaland, på blant anna Solamøtet og Det Norske Måltid

Våre samarbeidspartnere