-Det er vemodig, og sjølv om det ikkje er heilt slutt enda er det nedtelling mot årsmøte neste veke. Det er mange flinke folk i Rogaland Bondelag så eg er sikker på at jobben med å framsnakke og sikre gode vilkår for Rogalands-bonden vil halde fram, seier Marit Epletveit, avtroppande fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

På fylkesårsmøte 17.-18. mars vert klubba overlevert til ein ny fylkesleiar som skal stå opp for Rogalands-bonden. Kort tid etter årsmøte skal den nye fylkesleiaren lukt i elden på Noregs Bondelags representskap, der føringane for årets krav vert lagd, og skal fremje innspelet som er utferda på dette styremøtet.

Seks år som styreleiar er (nesten) slutt. Styremøta vert annleis utan Marit, og me ynskjer ho lukke til vidare når den tid kjem!