Og folk hadde verkeleg funnet vegen til Dirdal og Dirdalstraen Gardsutsalg denne laurdagen. Omringa av salsboder i anledning Gladmatens kortreist-festival, ein stor mengde folk, samt blant anna ordførar og representant frå Hanen, så vart det ei flott ramme på hendinga. 

Hanen kårar landets beste gardsbutikk, og Rogaland Bondelag var til stades og fekk helsa dei stolte vinnarane. Fylkesstyremedlem Bente Gro M. Slettebø fekk, på vegne av Rogaland Bondelag, gratulert og overrekt blomar i anledning prisen.

I helsinga vart det både nemnt kor viktig det er for alle andre bønder at nokre gjer også dette: lagar gardsutsal som bidreg til positiv bevisstgjering blant forbrukarane. Å ta aktive val med tanke på opphav, kvalitet, ingrediensar, reiselengde med meir er noko som gagnar norsk mat i sin heilheit.

At Dirdalsstraen Gardsutsalg er relativt nytt viser at dei på kort tid har kome langt, samt at dei har lukkas med stor satsing frå start. Rogaland Bondelag er stolte av å ha årets gardsutsal i Norge i vårt fylke. Me ynskjer dei masse lukka til!

Referent: Bente Gro M. Slettebø