Årsmøte, ordstyrar.

For dei som har leste leiars helsing i årsmeldinga var det mykje takk med god grunn.

Og eg skal ærleg innrømme at det er litt vemodig i dag. Men nå skal eg som bønder har gjort før legge følelsane til side. Eg vil at innlegga i dag skal handle om landbruket framover og Rogaland Bondelag si rolle oppi dette.

Korleis skape best mogleg handlingsrom for Rogalandsbonden også framover? Resultata frå undersøkinga om framtidas landbruk viser at også i Rogaland er det mange som spår nedlegging på sin gard dei neste 15 åra. Over 80 % svarte at lønnsemd hadde stor eller svært stor betydning.  

Før hadde vi fokus på inntektsmoglegheiter, nå snakkast det i stort kunn om inntekt.

Kva er det som skaper inntekt? Summen av alt vil rekneskapsføraren si.  Ein ting er sikkert det er iallfall ikkje særleg inntektsgivande eller festleg for den saks skyld når porten i gjødsellageret rykker søndag kveld og gjødsla renner ut. Og viss nokon lurer på kor lang tid det går frå du ringer brannvesenet til det står i Gjesdalbuen. Ca 2 sek. Media og dermed storsamfunnet sine meiningar om oss og norsk landbruk er element vi må leve med. På godt og vondt. Ungane synst det var storvegs å være toppsak i Stavanger Aftenblad.  Vi vaksne var mildt sagt lunke. Det er noko som heiter all reklame er god reklame. Tja, det kommer vel ann på.

Akkurat nå lager media oppslag på kor mykje tilskott landbruket og kvar gard har fått.  Det er ikkje til å stikke under ein stol at beløpa som kom inn på konto i februar oppfattast som betydelege for ein lønnsmottakar.  Med oppslag om kor mykje vi jobbar og likevel har ei skranten botnlinje er det klart at nokon vil stille spørsmål om det er noko poeng i å ha norsk landbruk.

Svaret er sjølvsagt JA. Vi må aldri gløyma at stortinget slo fast at matproduksjon er ein samfunnskritisk funksjon under korona. Mat er eit særdeles  viktig element i folks liv. Den produserer vi.  I Tillegg opprettheld landbruket beredskap i heile landet, med at der faktisk bur folk i heile landet og vi held kulturlandskapet ope som igjen er bra for klima, miljø og rekreasjon for folk flest.  Ringverknadane av vår produksjon er arbeidsplassar til mange. I 2017 viste tall frå verdiskapingsrapporten at vi sto for 3 milliardar i bruttoprodukt frå primærnæringa, tar vi med industrien er vi i godt 6 milliardar. Til saman utgjer dette godt 10000 arbeidsplassar.  noe seier meg at vi må få oppdaterte tall på verdiskapinga som landbruket gir i fylket. Hint hint kjære statsforvaltar på bakarste benk. Kanskje du kan være med å dra i nokon trådar sånn på tampen.  

Ein verdiskapingsrapport med ferske tall som dokumentera kva Rogalandsbonden levere til landet. Enn så lenge bruk dei gamle talla og bruk dei med stoltheit. Vi skal nå inn i ein valkamp. Mange stoler skal fyllast av nye og rutinerte kommune og fylkestingpolitikare. Erfaring viser at det er frå nå og framover dei er i ja modus. Bruk sjansen og skap gode realisasjonar til flest mogleg av framtidas politikare og lær dei mest mogleg om norsk landbruk og landbrukspolitikk. Vi skal være partipolitisk nøytrale men næringspolitisk aktive. Og vi veit aldri kven som i framtida vil sitte i avgjerande posisjoner på saker som er viktige for oss. Derfor må vi  sørge for at flest mogleg har eit godt inntrykk av Bondelaget. Husk å skryt på lyspunkt og ikkje tvær unødig men vær konstruktiv og sakleg.

I vinterferien var eg i Oslo saman med gutane. Då tok Geir Pollestad seg tid til å vise oss rundt på stortinget. På kontoret til Geir er det to ting som er verdt å merke seg øvst i dokumenthaugen ligger Bondevennen og på tavla heng eit peparkakehjarte med talet 60 på. Gåve frå nokon som synast han hadde tatt munnen litt for full i sin lovnad til Jærbladet.  Straumstøtte på 60 tusen og heilt ut 2024 må eg innrømme var betre enn eg hadde turt å håpe på. Og igjen er det mange som har vært med å dradd i nokon trådar, belyst utfordringane og konsekvensar. Spart kostnad gir inntekt.

Nå var eigentleg målet med tur til Oslo å møte Landbruksministeren. Utfordringa var berre at det hadde samane òg tenkt. Men, men der er andre folk i Landbruksdepartementet som også tar imot eit bodskap. Eg, Helga Hellesø og Sveinung Svebestad fekk på vegne av heile landbruket i Rogaland overrekt Rapporten: Oppdatert faggrunnlag for redusert fosforutslepp frå husdyrproduksjonane i Rogaland.  Saman med Harald Volden frå NMBU som har hatt fagansvaret hadde vi ein fagleg gjennomgang i departementet. Konklusjonen er at vi i må sørge for balansert fosformengde i samla fôrrasjon. GDE tabell må tilpassast til dagens kunnskap og praksis, samt eit klokkeklart råd på at den må ligge på utsida sjølve forskrifta. Vis disse premissene leggast til grunn kan vi redusere ned til 3 kg fosfor pr dekar. For vasskvalitet vil spreietidpunkt være viktig og jamt over er vi flinke til å få ut gjødsla tidleg i sesong når planten treng næring. Dette bekrefta Bjørn Gimming i Bjørns time litt fritt sitert. Se til Rogaland dei gode agronomar og bruker gjødsla godt.

Vi spurte også etter om der var nokon tidslinje og her var dei heller vage vil eg sei, målet var å lande ny gjødselbruksforskrift i denne regjeringsperiode. Ja det bør det absolutt være. Vi veit at dette ikkje akkurat er noko politisk vinner sak og at der er sterke dragingar mellom miljø og landbruksdepartementet. Min vurdering er at for landbruket er det nå vi har best moglegheit til at ny forskrift kan lande på ein måte som vi kan leve med. I fagrapporten har hovudfokus vært fosfor. Mye tyder på at også Nitrogen blir ei utfordring framover. Og der er planer om å starte eit arbeid på dette nå, som i før påske. Sjølv om eg ønsker meg ei snarleg landing på gjødselbruksforskrifta har desse åra lært meg at mange politiske prosesser tar tid. Laaang tid, det kjipaste dømme på dette er pelsdyrsaken der dei fleste framleis står utan svar på endeleg oppgjer.

Men og store vegsaker som E39. Utruleg langtekkeleg prosess om kor vegen skal gå og kva som blir endeleg trasse val.  For oss har det vært viktig med fokus på minst mogleg tap av matjord og gjort dei merksame på at kulturbeite også faktisk produsere mat. Men vi skal ikkje leggje skjul på at dette er ein krevjande sak og for nokon av våre medlemmer også ei sår sak. Det er tøft å leve med usikkerheita om livsverket, familiegarden, bustad og arbeidsplass skal byggas ned eller ikkje. Alt står på vent og det står på vent lenge. Når og om der kjem ny veg. Ja Den som lever for sjå.

Og lever det gjer mi farmor eller bestemor som eg kallar ho. Neste fredag blir ho 100 år. Det i seg sjølv ein aldri så liten bragd spør du meg. Framleis klar i toppen. Ein tanke tunghøyrt og ikkje så rett i ryggen som ho ein gang var. Som då ho I 1943 midt under 2 verdskrig byrja på Holt landbruksskule. Kor mange jenter trur de det var i klassen?

2 stykk, ja det var berre to jenter på heile skulen. Nå kjem der rapporter om 2 gutar enkelte år på agronom. Så det er ein viss fare for at pendelen har svinga vel mykje andre vegen.  Eg har trua på begge kjønn inn i landbruket. Kunnskap er i utgangspunktet ei let bør å bære, begge kjønn klare detJ  Det er lite tvil om at vi treng ulik kompetanse for å fylle alle krav som er og vil komme. Det som bekymrar meg er utviklinga som har vært på Øksnavad. Det som burde vært landbruksskulen nr 1 i landet, har sakka akterut med stor stil. Det pågår og ein diskusjon om agronomutdanninga skal over til å bli fagbrev. Altså eit utdanningsløp med læretid. I vårt høyringssvar har vi gått inn for nettopp dette. Eg har trua på opplæring på garden, være med i dagleg drift, og evne å snu seg rundt når hendingar oppstår eller været tilseier at nå må ting skje fort. Vi var og tydlege på at det må finnast løysingar som sørger for at vinterlandbruskolene vi har i fylket består som eit viktig element å sikre kompetanse til dei som kjem inn i landbruket.

For dei og for oss er Regulering av Markedet er særdeles viktig.  Vi hentar ein større del av inntekta vår frå nettopp Markedet enn fleire av dei andre regionane. Når vi då kjem i overproduksjon blir dette svært krevjande for oss med påfølgande tidleg-slakting, høg omsetjingsavgift osv.

Kor styrt ønsker dykk at dei ulike produksjonane skal være kontra friheita du som bonde ønsker til å utvikle deg?

 

I fylkesstyre hadde vi fleire rundar med for og mot før vi gjekk inn for differensiert omsetjingsavgift på egg og nå i fleire år har spelt det inn til Norges Bondelag. Situasjonane er krevjande i næringa Forslaget nå med differensier omsetnings avgift og ei venteliste ordning tru eg er fornuftig. Men Mitt spørsmål er ønsker dykk lukka produksjonar i alt vi driver med? Kvoter på mjølk har vi hatt så lenge og det fungere til ein ting, regulere Markedet i form av forholdstal, men bortsett frå det er det stort engasjement og høg temperatur omkring ordninga og pengestraumen som har blitt i form av leie, kjøp og sal. Periodevis føler eg alle tenker whats in it for me? Evner vi som lag å forene alle desse stemmene og lande på ei god løysing for norsk landbruk på lang sikt? Det vart nedsett fleire arbeidsgrupper etter jordbruksforhandlingane i 2022 og rapportane kjem på løypande band. Veterinær ordninga, struktur i landbruket  Seinast om kvoteordninga på mjølk som kom i går. Her veit eg at samarbeidet i næringa har vært godt og Q, Tine og Bondelaget har jobba godt i lag. 

I stort har vi eit godt samarbeid på tvers av dei ulike organisasjonen og varemottakaren her i Rogaland. Konkurrere der ein skal og samarbeide når det trengs.

Dessverre vil eg kanskje sei har det vært behov for litt meir samarbeid enn vi ønsker. For ingen ønsker seg ND, fugleinfluensa eller storfe-tuberkulose  med påfølgande sanering og ulike restriksjonar for næringa.  De skal vite at i desse sakene har det vore intens møteverksemd (ære være teams møter) der ein i fellesskap har søkt å komme fram til best mogleg løysingar for alle til tross for noko ukjent farvatn og komplisert regelverk. Irene men og Anja i Norges Bondelag har gjort ein kjempejobb her.

Så kan ein sjølvsagt bli matt over at ting tar tid. Og for dei som står oppi det heilt uforskyldt sett med mine auge er det ei tøff belastning.

Vårt forhold til mattilsynet har og vore tøft. Men det må eg si med ny leiing på plass merker eg nå ei endringshaldning til det betre. Og ja vi ble kalla inn på teppet når talla frå tilsynskampanjen på gris kom fram. Men eg opplevde likevel meir ein samtale om korleis vi i lag kan løfte næringa. Løfte eller hjelpe til å løfte ut bruker Geir Nødland i Mattilsynet å sei.

Nokon tyder på at det kjem enda meir kontroller. Eg trur ikkje det er løysing. Noko av svaret ligg i denne boka, med den nokså sære tittelen. Forvaltning av dyrevelferd i Norge. Korleis få lovverket til å virke? Boka svare ut fleire element som vi i næringa har etterlyst lenge og som nå i større grad er implementert i mattilsynet sitt arbeid. Som einigheit om kva ein har sett på tilsyn, skriftleg tilbakemelding og ein betra kommunikasjon under tilsyn. Og den slår fast at i stort så funkar gulrot betre enn pisk. Så kva gulrøter skal så til? Vi har ein jobb å gjer for å løfte flest mogleg opp og over minstekrava.

Det pågår nå eit arbeid i regjering med ny stortingsmelding om dyrevelferd.  Her kjem til å være mykje lobby og vår jobb må ha fokus på at meldinga vert handterbare og hensiktsmessige for oss som næring.

På dette område, men og klima, miljø er det sterke krefter som har mange meiningar om norsk landbruk. Då er det viktig at vi klarer å stå samla og formidla kor viktig norsk matproduksjon er. Vi må ta inn over oss at vi også blir påverke av storsamfunnet og storpolitikk. 2 år med Korona-restriksjonar og nå over eit år med krig i Europa gir også ringverknadar som påverkar vår kvardag. Det skal vi ha med som eit bakteppe.

Men likevel oppfordre eg dykk til å komme med gode innspel på kva saker som er viktig for deg, ditt lokallag og vårt fylke?

Kva må til for å lykkes i inntektskampen?

Kva gjer deg til stolt bonde.

Kva liker du med jobben.