For dei som har vore på ferie og bestilt hotellrom på nett er dette eitt gjennkjenneleg triks - Du finn eitt ok hotell med ein ok pris. Og framheva i raud skrift står det: «OBS! Kunn eitt rom att på vår side! To andre personar er aktive på nettstaden!» Det er eitt klassisk marknadsføringstriks der ein skaper eitt falskt intrykk av hastverk for kunden, slik at dei raskare går inn for å kjøpe produktet og med litt mindre tid til å sjekke alternativa. Og det funkar.

Ikkje ny taktikk frå Green Mountain

Kvifor er det så vanskeleg å gjennomskode denne taktikken når det kjem til Kalberg? Green Mountain veit nøyaktig kva dei gjer, for dei har gjort det før. Når dei starta å planleggje datalagring på Rennesøy for fleire år sidan hadde dei CERN på blokka som ein mogleg kunde. Noko dei nytta aktivt opp mot politikarar og opinion. Politikarane trakk litt på det og avtala fall saman. Når Green Mountain endeleg var i posisjon til å starte med datalagring hende det noko merkeleg. Andre aktørar kom på banen og senteret vart ein suksess for Green Mountain.

Det finst andre digitale fiskar

At Green Mountain no har ein stor fisk på kroken er ikkje grunnlag for hastverk, og ikkje grunnlag for å gje dispensasjon frå gjeldande planar. Viss agnet er så godt som Green Mountain hevder – då er det andre fiskar som vil nappe borti. Å lokke politikarar og opinion til å handle raskt, utan å tenkje seg skikkeleg om med eitt løfte om storfisk – men me må handle raskt! - er rein manipulasjon. Me må halde hovudet kaldt. Det finst andre fiskar i det digitale havet.

Sei heller ja til jordvern

Dette kan me leggje oppå den reine absurditeten det er å planleggje å bruke kring 1% av landets straumforbruk i det området me eksporterer norsk straum til utlandet frå – med påfølgande høge straumprisar. Og jordvernproblematikken, sjølvsagt. Og mykje anna i denne langtrekkande og omfattande saka.

Ta tida til bruk og sei ja til matjord, og nei til datalagring på Kalberg.