Det er eitt tankekors at det er først og fremst bøndene som bryr seg om jordbrukspolitikken, sjølv om jordbrukspolitikken først og fremst er til for å sikre forbrukarane mat til overkommelege prisar. Bryt forsyningslinjene saman på grunn av krig og katastrofe er det ikkje bonden som svelter først.

2022 ser ut til å verte nokk eitt dramatisk år. Det er duka for full konflikt i kornkammeret – russarane har oppmarsjert store styrker i grensetraktene til Ukraina, og det er reell frykt for den største krigen i Europa sidan andre verdskrig. Russland og Ukraina er og viktige korneksportørar, og Russland har allereie lagt ned eksportrestriksjonar. Korleis ein krig vil påverke jordbruket veit me ikkje enda, men passasjen av tusenvis at stridsvogner over markane gjer ikkje akkurat grunnlag for god agronomi. Og landa som er avhengige av kornet deira vil få betydelege utfordringar. Avlingssvikten i 2010 utløyste den arabiske våren, som me framleis kjenner etterdønningane av i Syria og Libya.

Global energikrise er det også. Det er ikkje berre i Noreg  - gassprisane har eksplodert og driv opp gjødselprisane i heile verda. Me veit ikkje i detalj om korleis det vil slå ut på matproduksjonen globalt, men i Noreg ser det ut til bli eitt drastisk fall i matkornproduksjon i år og det er grunn til å tru at me ikkje er åleine. I veksthusnæringa har ein fjerdedel av tomatbøndene i Rogaland valt å ikkje produsere i år. Me veit ikkje kor mange husdyrbønder som legg opp eller reduserer produksjonen grunna prisnivået. Ein ting er sikkert – sjølvforsyningsgraden vil dale ytterlegare. Samstundes som at verdsmarknaden vert dyrare og det er meir rift om matvarene.

Det er lenge sidan krigens dagar, og lenge sidan me har kjent på matmangel i landet. Tanken på at krisa kan ramme også oss har vorte fjern, i alle fall fram til no. Men no blinkar varsellampane – krig og krise kan gje oss forsyningsvanskar for første gong på 77 år, og då må me til med kraftfulle tiltak for å sikre at me framleis kan produsera vår eigen mat.