Om det er lønsamt å hente ut mineralane er så langt opp i det blå, men trugselen om gruvedrift skaper betydeleg usikkerheit for bøndene i området. -Kjem gruva er det ikkje grunnlag for å drive garden lenger, seier Kari.

Kari og dei andre råka bøndene er det snakk om verdifull dyrka jord og betydelege areal med kulturbeite. Totalt er over 50 garder innanfor området og det er snakk om over 8.000 mål med jordbruksareal. Så lenge prosessen pågår med eitt stort uvisse om utfallet vil det vere ein enorm belastning for grunneigarane i området. Dei må leve i mange år utan å vite kva som kan skje med heim og livsgrunnlag. Det er vanskeleg å investere i garden når det er uvisse om jorda vil verte ekspropriert og  ungdom vil ikkje vere motivert til å flytte heim for å ta over ein gard som kan verte bortsprengde. Gruva vil ikkje berre råke grunneigarar som risikera å få jorda ekspropriert, men også naboar som vil verte utsette for støy, støv og andre negative konsekvensar ved gruvedrift.

Grunneigarrettigheiter og menneskelege kostnadar

For Rogaland Bondelag er første prioritet å støtte våre medlemmar som er prega av gruveplanane. Me veit at slike prosessar er tunge og vanskelege å setje seg inn i, og me er klare for å støtte lokallaget på Helleland. Eitt første grep er å etablere eitt grunneigarlag, slik at grunneigarane er best mogleg rusta for å møte ein mektig motinteresse. Me oppmodar alle grunneigarane til å stå samla, uavhengig av politisk syn på gruva – og ta politikken i andre fora enn dei som handlar om grunneigarinteresser.

Ta ikkje i ein penn!

Kjem det dresskledde folk (eller andre) på døra med papir til deg– sei takk for forslaget, eg vil sjå over dei og rådføre meg med naboar, bondelaget og min advokat. Ikkje gå med på tausheitsplikt, for då risikerer de å vert de splitta og få eitt dårlegare utkomme. Det gjeld ikkje berre ved gruvedrift, men alle sakar der eksterne aktørar vil gjere noko på di eigedom.

Enorme areal

Norge Mining har presentert gruveforslaget som «to gonger Titania», som er Europas største titangruve, lokalisert 26 kilometer unna. Ein enkel måling utført av La Dalane Leve viser at området  Norge Mining då vil leggje beslag på kan innehalde over 2.000 mål fulldyrka jord og eitt samla jordbruksareal på over 8.000 mål. Til samanlikning er det nye nasjonale jordvernmålet 2.000 mål omdisponert, og Rogalands del av det vil vere 200. For Rogaland Bondelag er det uakseptabelt å byggje ned så store jordbruksareal.