Først drog me ut på gardsbesøk på Bore, der Jon Tore Refve og svigersonen tok vel i mot oss. Jon Tore driv med mjølk og framfôring av stut, mens svigersonen Eirik Åsland Refve studerer på Ås og tek med seg spannande idear heim til garden til utprøving. Garden nærmar seg eit generasjonsskifte, og då vert temaa for samtalen naturlegvis økonomi, kor føreseieleg framtida må vere for at ein vil satsa og investera, utdanning i landbruket, rekruttering og framtidstru. Med mykje meir, og den pågåande samtalen varte ut dagen.

Etterpå drog me til den jordbruksfaglege klynga på Særheim for innlegg av Arne Sæbø NIBIO og Rune Undheim Jæren Rekneskapslag. Det er mykje spennande forsking på høgda overfor Klepp, som er avgjerande for å ta jordbruket vidare. Rune frå rekneskapslaget viste tal for den økonomiske situasjonen med eksemplar frå reelle rekneskap. Det er ingen tvil i tala om at det trengst eitt økonomisk løft i jordbruket!

Takk til Aleksander Stokkebø (H), Lisa Marie Klungland (Sp) og Hadle Bjuland (Krf) for at de tok dykk tida til å kome!