Resultatet av granskingane er viser at inntekta har gått opp i dei fleste produksjonar, men dei fleste bønder tener markant mindre enn lønsmottakarar. Tala i driftsgranskingane er basert på rekneskapstal frå 900 bruk i heile landet, og måler jordbruksinntekta som vederlag til arbeidskraft og kapital.

Driftsgranskingane for Rogaland er særleg retta mot mjølkeprodusentar. For bruk med mjølkeproduksjon på Jæren var snittinntekta 416.500 per årsverk. For produsentane i resten av Rogaland er inntekta per årsverk 326.300,-. Begge gruppene har hatt ein inntektsvekst på 14-30%, på grunn av blant anna auka inntekter frå blant anna storfekjøt og mjølk. Bruk med kombinert mjølk og gris har god inntekt, men her er talgrunnlaget usikkert med eitt utgangspunkt på mindre enn 10 bruk.

Sauebøndene har ein årsverksinntekt på 188.500,- og ammekyr har ein inntekt per årsverk på 207.700,-

Les meir om driftsresultat for jordbruket i Rogaland og Agder her