Innspel til opptrappingsplan

Rogaland Bondelag har sendt sine innspel til opptrappingsplanen - korleis inntekta til bønder kan løftast til same nivå om lønsmottakarar. Saka vart handsama i første styremøte med det nye styret på onsdag denne veka.
- Innspelet vårt byggjer på innspelet til jordbruksforhandlingane, og på innspel frå lokallaga etter eitt teamsmøte med lokallagsleiarane på måndag. I tillegg har me tatt med verkemidlar som ikkje høyrer til i jordbruksforhandlingane, slik som toll, skatt og kjedemakt, fortel nyvald leiar Ståle Hustoft etter møtet.
Rogaland er eit aktivt jordbruksfylke med store variasjonar. Ein må nytta mange ulike verkemidlar for å gje inntektsløft til dei ulike produksjonane og delane av fylket. Pris i marknad, innretning av tilskot og kostnadsreduksjonar er blant tema som blir tatt opp. Endingar i toll og kjedemakta kan opna rom for eit større prisuttak i marknaden.
- Me har sett klare forutsetningar for inntektsløftet i vårt innspel, presiserer Hustoft. Inntektsløftet skal ikkje vera strukturdrivande og sentraliserande, det må auka sjølvforsyninga og gje varig effekt.