Nå går startskuddet for årets jordbruksforhandlingar. Eit omfattande arbeid der innspela frå medlemsmassen skal samlast til det som til slutt blir vårt krav. Eg gler meg til å få fylgja arbeidet, heilt frå studieringar og medlemsmøter i lokallaga, til kravdokumentet skal overleverast i slutten av april. I fjor var fyrste året eg fekk fylgja prosessen tett, og eg vart imponert! Imponert over kor nøye heile organisasjonen er på å forvalta innspela på frå medlemsmassen. Resolusjonen frå Representantskapet i Norges Bondelag er grundig forankra og gjennomarbeida, Prioriteringane viste godt igjen i fjorårets kommunikasjon og krav.

Men fyrste del av arbeidet er altså studiearbeid i lokallaga. Fristen er 12. februar. Eg gler meg til å lesa alle innspel som blir sendt inn!

Samstundes med dei «vanlege» spørsmåla om prioriteringar av produksjonar, distrikt og verkemiddel, skal også lokallaga meina noko om kva aksjonar ein ynskjer dersom ikkje forhandlingane når fram. Jordbruksforhandlingane er ramme alvor, og avgjerande for vår økonomi og framtid, difor må me også bruka våren til å førebu kraftfulle aksjonar ved eit evt. brot.

I fjorårets jordbruksforhandlingar vart det sett ned tre partssamansette utval som skal føreslå tilpassingar til WTO-regelverk, endringar i velferdsordningar og korleis husdyrtilskotet kan bidra i klimaarbeidet. Rapportane frå desse utvala kjem sansynlegvis i starten på februar og vil bli viktige i årets jordbruksforhandlingar.

I år sender me også ut eit konkret forslag til omlegging av tilskota til sau og lam, som me ynskjer at lokallaga skal gje innspel på. Bør kvalitetstilskotet på lam betalast ut per kilo, og ikkje per lam? Og bør me stilla strengare krav til avdrått på sauene for å få husdyrtilskot? Dette er forslag som har sirkulert i deler av sauemiljøet ei stund, og i enkelte av våre lokallag. Nå ynskjer me tilbakemelding på om me skal jobba videre med slike endringar.

Årsmøtet i juni 2024 skal vedta nytt næringspolitisk program, NPP. Eit utkast er snart klart for å sendast på høyring i organisasjonen. NPP legg føringar for bondelaget sine prioriteringar i ei rekke næringspolitiske saker, og blir revidert kvart fjerde år.

Den store X-faktoren i vår er om eit nytt talgrunnlag er på plass før årets jordbruksforhandlingar, og korleis desse isåfall ser ut. Partene har allerede bede budsjettnemnda gjera endringar i totalkalkylen, slik at m.a. leigeutgifter til mjølkekvote skal reknast med. Målet er at talgrunnlaget i jordbruksforhandlingane skal visa eit reelt bilde av økonomien i landbruket, og kunna samanlikna inntektsnivået i landbruket med lønsmottakerar. Då er det fleire politiske avklaringar som må gjerast; m.a. avkasting på eigenkapital, timar i årsverk og kva samanlikningsgruppe som skal nyttast. Landbruksminister Pollestad har signalisert at talgrunnlaget skal behandlast politisk i vår, slik at det kan nyttast i årets jordbruksforhandlingar. Det er bra, men kampen om talgrunnlaget er ikkje vunnen med eit NYTT talgrunnlag. Det må vera eit RETT talgrunnlag, og her har bondelaget gitt eit tydeleg høyringsinnspel.

I løpet av vinteren ventar me også at ny gjødselvareforskrift skal sendast på høyring. Sjølv om me ser fram mot ei avklaring på eit arbeid som har pågått lenge, er me uroa for konsekvensene for dei mest husdyrtette områda.

Det blir ein spennande vinter og vår. Lukke til med studiearbeidet!

NB: Neste veke er årets første styremøte. Det er kun to saker som skal opp:

  • Distriktsmøtet 17. januar – Teamsmøte fra kl. 13 – 15 (lenke og invitasjon kjem)

  • Innspel til aksjonsutvalet i NB

 

Beste helsing

Ståle Hustoft

Fylkesleiar