Då fugleinfluensaen kom til Rogaland vart det sett krisestabar og ein prøvde, både frå Bondelag og andre, å få oversikt raskast mogleg. Etter nokre hektiske dagar, der både Mattilsyn og bønder jobba døgnet rundt, veit ein meir om situasjonen. Likevel dukkar det stadig opp nye problemstillingar, no under forflytting av dyr.

Det er strenge restriksjonar i sonane som er sett opp i forbindelse med fugleinfluensaen. Restriksjonane gjeld alle fjørfe, inkludert dei som ein har for å få nokre egg til frukosten. Dette fører til at det for tida er ein tidkrevjande og kostbar handling å sende eller motta dyr på gardar der det er fjørfe. Flyttinga krev innmelding og heilt andre krav enn dersom ein ikkje har fjørfe.

Me bed difor alle aktuelle besettningar i sonane vurdere om ein skal ha ein periode utan fjørfe på garden. Dette er både av smittehensyn, men det er og eit økonomisk spørsmål. Me veit at det å ha nokre høner for kosens skuld er kjekt for både store og små, så me veit at desse vurderingane kan opplevast som vanskelege. Me vel likevel, med bakgrunn i den alvorlege situasjonen  me har, å gå ut med denne oppmodinga.

Dersom de treng meir informasjon rundt slakting i henhold til gjeldande regelement, finn ein det her.