Som ein av dei sigrande laga får dei 5.000,- overført til lokallaget.

-Me har hatt eitt gildt lokallag, så bønder og jordbruksvenner i kommunen kjenner oss og det me står for. Då er det lettare å få folk med, seier Sigrid Voster. Særleg har styremedlemmet Tor-Erlend Eiane gjort ein enorm verveinnstats. Verving har vore regelmessig diskutert i styrets Messenger-gruppe, der me har haldt kvarandre oppdatert på kven me har tatt kontakt med og korleis det har gått – så slepp me ta kontakt med same person. Alle lokallag burde fint klare dette, meiner Voster.  

-Landbruket jobbar med mange store og viktige saker, seier fylkesleiar Ståle Hustoft. Både i jobben med å tetta inntektsgapet til andre, gjødselbrukforskrift, klimaarbeid og ny dyrevelferdsmelding må me bønder stå samla og organisert. Strand Bondelag har gjennom mange år vore flinke til å verva både bønder og forbrukarar. Ein stor inspirasjon for andre lokallag, held Ståle fram med.

Sjølv om Strand vann denne konkuransen, er det framleis mogleg å vinne gilde premier for vervarar (i tillegg til ordinær vervepremie): det vert trekning av gåvekort blant dei tillitsvalte som har verva medlemmar, premie til beste vervar, beste lokallag og beste fylkeslag.

Så her er det berre å finne fram verveblokka og setje i gang!