«Dersom me som samfunn har nokre mål for landbruket men dagens politikk førar oss i motsett retning, då må politikken endrast slik at me kan nå dei måla». Leiar i Sandnes Bondelag, Sven Martin Håland, var tydeleg i forkant av møtet. Håland var komen til heimgarden til Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag, for å gi innspel til toppkandidaten til Rogaland Arbeiderparti. «Det er viktig at me skaper ein forståing for at ja, me kan gjer både det eine og det andre i landbruket, men det vil få konsekvensar. Me kan ikkje heile vegen få nye pålegg utan at innteninga er på plass». Håland og Epletveit hadde ein klar agenda for møtet, synleggjer for Tajik at no må noko hende med innteninga i landbruket, og ikkje minst, kvifor.

Frode Fjeldsbø, ordførar i Gjesdal var fyrste mann til møtet. Han rakk å få spørsmål om vegtrasear og bystatus, før Tajik kom med rådgjevaren sin. Etter ein kort presentasjonsrunde, gav Epletveit ei innføring i kva Rogaland Bondelag meiner er viktig framover. Det var særleg dei skeivfordelte tilskotsordningane som vekka interesse. «Men kvifor er det skeivt», spurte Tajik. Epletveit fortalte om historia til tilskota og at det som ein gong var ei korrekt fordeling, no ikkje lenger var det. Likebehandling er ikkje alltid likt.

Kjøkkenbordet til Marit er godt eigna til politiske samtaler. 

Tajik fortalte at AP ville sjå på kva moglegheiter som låg i tollvernet, og på moglegheita for at investeringspakkene kjem utanfor landbruksoppgjeret. Det meinte Håland var ein god ide. Mange av pakkane og tillegga hadde ingenting i eit landbruksoppgjer å gjere, dei burde komme over statsbudsjettet. «Kompensasjon for utgifter bør ikkje reknast som inntekt. Volumet auke og innteninga går ned. Høge effektivitetskrav tek knekken på somme. Det er vel ingen som har effektivisert så mykje som landbruket, likevel er det ikkje nok. Det er fysiske grenser i ein biologisk produksjon for kor mykje som kan effektiviserast»

«Mi oppleving er at dei fleste no er einige om røynda i norsk landbruk, det er verkemidlane me er ueinige om» fortalte Tajik. Ho meinte at dette var eit godt utgangspunkt for den vidare debatten, for då kan ein diskutere ut frå den felles forståing, ikkje frå kvar sin åkerholme. «Ap skal tette inntektsgapet for landbruket, men verkemidlane og tidshorisonten, den har me ikkje klar enda.»  Håland meinte at dette vart litt lite konkret, og forslo ein løysning som dei hadde i Sveits, der deler av inntekta til bonden vert garantert for av myndigheitene. «Men dette må de ta me ei klype salt, eg har høyrt det av dyrlegen min som er frå Sveits» la han til med eit smil. Etter ei kort økt på Google, kunne rådgjevaren til Tajik konstatere at det ikkje var nødvendig med salt, og at dyrlegen hadde rett. Sveits hadde i det heile fleire spanande punkter som dei ville utforske videre. Etter 44 minutt måtte politikarane videre, men det var 44 gode minutt mellom ein lyttande politikar og særs engasjerte bønder.