For landbruket starta årets valkamp med ei opprørsgruppe i bonderørsla som har greid å vera synleg i debattar og sosiale medier. Retorikken har vore skarp og treffsikker, billetebruken har vore forståeleg. Heiaropa har runga over heile Rogaland, frå potetpakkeria til fjosluktande gardsbilar, no hadde bøndene fått ei kraftfull stemme. Aldri før har presset vore så stort på faglaga som det har vore i år. Me I Bondelaget har høyrt bondeopprøret og gjort felles sak. Midt i pandemien fekk ei heil næring nok av fine ord. Politikarar frå alle fløyar og parti har i år fått ny innsikt i inntekta og levekåra til matprodusentane i Noreg.

Me trur bodskapen er motteken. Som i alle valkampar har opposisjonen fortalt kor bra det skal verte om dei vinn valet, medan regjeringspartia peikar på kor bra det vil verte om dei får behalde makta. Men noko er endra. Tilbakemeldingane frå politikarane har vore tydelege: Me har høyrt dykk. Det gler oss storleg.

Me ser fram til at valdagen skal vere over og mandata skal vere fordelt. For no veit me kva me kan forvente av dykk. At de vil auke inntektene og hensyntek auka utgifter. At bøndene er ein viktig del av beredskapen til Noreg. At matvareindustrien har alt for mykje makt og overskot av det arbeidet bøndene utførar. At bøndene er ein viktig del av løysninga på klimakrisa, dersom me får lov å gjere det me er gode på: Overlate det me eig i ein betre tilstand enn kva me sjølv overtok.

Noreg treng rein mat, nok mat, eit variert utval og eit flott kulturlandskap. Det meiner både de politikarar og me, bøndene i Rogaland. Me treng eit levande landbruk i heile Rogaland. Både for vår eigen del og dei generasjonane som kjem etter oss. Me ser fram til vidare godt samarbeid for å få verkeleggjort dei ambisjonane.

Helsing styret i Rogaland Bondelag