Det var ein variert forsamling som hadde innlegg og seinare debatt om korleis det skulle gå med landbruket i Rogaland. Ordet hykkas vart tidleg introdusert frå scena og vart eit gjengangar i innlegga frå scenene. Hykkas, som tyder å sette krokfot på, vart brukt av Marit Epletveit for å synleggjere irritasjonen ein som bonde møter på. Bøndene prøver å drive gardane så godt dei kan, men opplever stadig at samfunn og forvaltning sett hykkas på dei. Det drep gleda over arbeidet og skapar unødvendig krøll for bonden.

Dag Ove Aksland, regiondirektør for Coop, region Vest. Han hadde trua på norsk landbruk og var stolt over kor stor del norsk frukt og grønt som Coop leverte til produsentane. Det var viktig for Coop å tenkje på heile verdikjeda og ville gjerne dele kunnskap. Ein måtte unngå flaskehalsar og hykkasar i dei forskjellige dælene av næringskjedene. Kunne ein gjere noko med sesongane, kva ein produserte, så var det ein diskusjon Coop ville vere med på.

På mange måtar sette Aksland sitt innlegg tonen for resten av konferansen, der mykje av innhaldet handla om daglegvarebransjen si makt og korleis dei brukte den. Geir Pollestad frå Senterpartiet var eit godt eksempel. I starten av innlegget var han manusbasert. Han snakka varmt om at ein vil ha norsk mat og fint kulturlandskap men som ein konsekvens av aktivt norsk landbruk, ikkje som eit resultat av ein bonde som var på statleg løn. Men skikkeleg fart i innlegget vart det fyrst då manuset vart lagt vekk og fokuset vert sett på kjedemakta. Eigne merkevarer tok over for landbruket sine, pengane forsvann ut av landbruksnæringa og bøndene sat igjen med alt for lite for arbeidet sitt. Då han i paneldebatten vart utfordra på om han var like tøff no som han delte scenen med Aksland, tok han utfordringa på strak arm. På spørsmål får Aksland om han ville valt Stabburets makrell i tomat, produsert av utanlandsk råvare, eller Coop sitt eige varemerke, produsert i Noreg, svarte Pollestad at han ville valt Stabburet, og heller sendt ein klage på at dei burde velgje norsk.

Landbruksminister Olaug Bollestad var heller ikkje nådig mot daglegvarekjedene. «Det kan ikkje vere slik at det er daglegvarekjedene som skal bestemme kva som skal vere i fjosa eller kva som skal verte dyrka. Den avgjersla må komme frå dei som har hendene i jorda». Ho utfordra seinare Coop på kor lett det eigentleg var for nye produsentar å komme inn i butikkhyllene hjå Coop.

Under paneldebatten var undringa stor for kvifor det var så stor forskjell på Coop sin eigen kjøttdeig og Gilde sin. Aksland frå Coop meinte at det var eit komplisert reknestykke, men at det var grunnar til at forskjellen var der. Pollestad meinte at det var eit godt døme på korleis Coop differensierte prisane, slik at andre merkevarer enn Coop sitt verkar dyrare enn kva dei er. Etter litt ueinigheit om prisdifferansen, var ein klar til å gå vidare om innovasjon, men framleis var det Coop-direktøren som fekk mest merksemd. Pollestad lurte på kvifor daglegvarebransjen ikkje kunne bestemme sesongane på frukt og grønt, når dei kunne bestemme kva dyrevelferd som var best. Coop meinte at dette var noko dei gjorde, men at det var viktig å respektere leverandørane i næringskjedene og kva og kor mykje dei kunne produsere. Aksland utfordra bøndene og sa at det er lov å spørje dei flinke bøndene om kva dei har gjort for å oppnå gode resultat.

Då det nærma seg slutten av konferansen oppsummerte både Bollestad og Pollestad at det var rom for meir produksjon av frukt og grønt. Rogaland Bondelag sin leiar, Marit Epletveit hausta mest latter og anerkjennande nikk med si oppsummering: «Norsk landbrukspolitikks skal vere som ein god BH. Den skal støtte dei store og løfte opp dei små.