I arbeidet med opptrappingsplan basert på nytt talgrunnlag, har partene allerede gitt budsjettnemnda ei bestilling på å oppdatera måten totalkalkylen vert sett opp på. Frå og med jordbruksoppgjeret 2024 skal totalkalkylen likna meir på vanlege rekneskapsprinsipp. 

Det er svært vanskelig å sjå for seg korleis årets jordbruksforhandlingar skal sjå ut, med ei delvis oppdatert totalkalkyle, viss ikkje dei politiske avklaringane kjem på plass:

- Kor mange timar skal det vera i eit årsverk? 
Skal bønder jobba like mange timar som andre, eller fleire timar i årsverket som kompensasjon for ein levekårsfordel? Vårt svar er sjølvsagt at bønder skal ha inntekt og velferd, og arbeidstimar pr årsverk, på nivå med andre.

- Kven skal me samanliknast med?
Bønder skal tena på nivå med andre, og då må samanlikningsgruppa vera gjennomsnitt av alle lønsmottakerar. Vanlegvis  oppgir me inntekt i landbruket som «vederlag til arbeid og kapital». For å kunna samanlikna inntekt i landbruket med løna til ein lønsmottakar må ein isolera den delen av inntekta som er bonden sitt «vederlag til arbeid».

- Korleis skal kapitalkostnaden reknast inn?
Den lånte kapitalen får synliggjort sin kostnad gjennom renter. Men eigenkapitalen som bonden investerer i drifta har også ein kostnad. Korleis storleiken på eigenkapitalen skal bereknast, og kva kostnad denne har, må avklarast. Norges bondelag har i sitt høyringsinnspel sagt at eigenkapitalen må få avkastning minst på nivå med utlånsrenta.

- Skal det vera eit effektivitetskrav i det nye talgrunnlaget?
Både Norges Bondelag og Norsk bonde og småbrukarlag avviste hybridmodellen fordi den opna for å kun nytta eit utval av landbruket i nivåberekninga. Me må ha eit talgrunnlag som ikkje baserer seg på eit utval som kan tilpassast av skiftande politisk fleirtal. 
Landbruket er den fastlandsnæringa som har effektivisert mest dei siste tiåra. Det er naturleg å stilla spørsmålet: kor fort og kor mykje meir kan me effektivisera før det går utover bondevelferd, dyrevelferd og omsynet til klima og mljø? Den dyktige bonden som oppnår gode resultat i si drift må sjølv sitja att med ein eventuell effektiviseringsgevinst.

- Når skal inntektsgapet vera tetta?
Ein opptrappingsplan må angi når inntektsgapet skal vera tetta. Fordeling av penger og verkemiddel må gjerast i dei årlege jordbruksforhandlingane. Norges Bondelag har krevd tetting av inntektsgapet i løpet av fire år. Det hastar!

Statsråd Pollestad har heilt rett når han ved fleire høve ha sagt at eit nytt talgrunnlag ikkje tilfører penger til landbruket. Men om me skal koma videre med å tetta inntektsgapet i alle produksjonar, alle distrikt og alle bruksstorleikar, må me ha eit talgrunnlag som partene er einige om. Men det er bekymringsverdig at Pollestad både snakkar ned verdien av å levera eit talgrunnlag før årets jordbruksforhandlingar, og spreier usikkerheit om det nye talgrunnlaget vil måla det faktiske nivået i landbruket.


I midten av april skal budsjettnemnda levera grunnlaget for årets jordbruksforhandlilngar. Den uroen statsråden og regjeringa skapar gjennom å ikkje avklara dei politiske spørsmåla i eit nytt talgrunnlag skapar eit svært vanskelig grunnlag for forhandlingane. 

Eit nytt talgrunnlag må på plass nå - det hastar!