Bli med på jakta på den grøne diamant
Akkurat som diamanten må landbruksnæringa fram i lyset og foredlast for å glitra! 19. mars er det duka for stor, landbrukspolitisk konferanse på Clarion Hotel i Stavanger.
19. mars inviterer Rogaland fylkeskommune, KS Rogaland, Rogaland bondelag, Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland til landbrukspolitisk konferanse på Clarion hotell Stavanger.
Ein møteplass
Konferansen er ein møteplass for landbruket og alle i landbruket si verdikjede, politikare på alle nivå, forvaltninga og alle som er interesserte i landbruket.
Kva skal til for å sikre ei berekraftig utvikling og eit utvida verdifokus i landbruket? Akkurat som diamanten må næringa fram i lyset og foredlast for å glitra!
Viktig næring
Landbrukets verdikjede er ein stor og viktig næring. I Rogaland er 10 000 sysselsette i den grøne matproduksjonen. Verdiskapinga er på heile 5,6 milliardar kroner årleg. I tillegg kjem milliardverdiar som blir skapte i leverandørindustrien i heile fylket.
Landbruk er meir enn mat og det som skapast, kan ikkje berre målast i klingande mynt. Vi set fokus på kva mangfald landbruket bidreg med i eit berekraftperspektiv.
Meir informasjon om konferansen, program og påmelding finn du her.