Når leiaren i Noregs Bondelag kjem til bygda er det viktig å gje ham innsikt i dei lokale utfordringane og gjeldande sakar, samt bringe opp lokallagas viktigaste meiningar til topps i organisasjonen.

Me starta med å møte grunneigarlaget som organiserer naboane langs Jærbanen. Bane NORs manglande gjerdehald og dei påfølgande dyrepåkøyrslane er eitt alvorleg problem for folk og fe. Saka har vore tilspissa over fleire år, og det er viktig at leiaren sjølv er godt orientert om forholda. Båe Noregs Bondelag, Rogaland Bondelag og dei lokale grunneigarane ser alvorleg på situasjonen.

Etterpå vart det eitt godt møte med lokallagsleiarane i Rogaland Bondelag hjå Jone Wiig. Jone nytta høvet til å fortelje om utfordringane gartnarbransjen har hatt dei siste to åra, med manglande arbeidskraft, coronaforseinkingar på utstyr og høge straumprisar – for å nemne noko.

Lokallagsleiarane tok om mange aktuelle tema til diskusjon. Frå tilleggsforhandlingane, høge straumprisar, gjødselprisar, prisauke på kraftfôr, sone-inndelingane, inntektsvekst, brotet i våres og mykje meir. Diskusjonen varte og rakk, og før me ante råd måtte me få opp farten for å nå debatten til Aftenbladet, der Bjørn møtte eitt panel beståande av landbruksminister Olaug Bollestad (Krf), Geir Pollestad (Sp), Margaret Hagerup (H), Ingrid Fiskaa (SV), samt bondeopprørar Sven Martin Håland og Ulrikke Torgersen (Mdg). Takk til Aftenbladet for å organise