-Det vert jo rett og slett for dumt at staten spring frå ansvaret , berre fordi dei ser det har vorte dyrt å gjerda! Dei får heller leggja på to - tri kroner på billetten slik dei kan betale for seg, seier Paul  Aniksdal, leiar i Søre Hå Bondelag.

Manglande gjerdehald langs jernbanen har lenge vore ein betent konflikt mellom grunneigarane og Bane NOR. I 2018 tok Rogaland Bondelag initiativ, etter fleire år med forsøk på dialog med Bane NOR,  til å skipe grunneigarlag beståande av jernbanenaboane som kunne føre saka vidare opp mot rettsapparatet.  Etter mange møter med politikarar frå Samferdsleminister til stortingsrepresentantar, brevveksling med Bane NOR og spørsmål i Stortingets spørjetime, var saka framleis ikkje løyst. I november 2022 stemna grunneigarlaga Bane Nor for retten for å tvinge fram eitt endeleg svar. Grunneigarlaget har samla inn 2.394 millionar til rettssak frå 151 grunneigarar. Dei har søkt både lokallaga og fylkeslaga om støtte, men me kan vente at saka vil ende opp i høgsterett. Det må betydelege midlar til.

Bondelaget sentralt har brukt juridiske ressursar på å bistå i saka. Denne saka er betent, og viktig for våre medlemmer langs jernbanelinja. Saka kan ha mykje å seie for aktuell rettspraksis i lang tid framover. Og for andre deler av landet.  For Bondelagets del er det ein sentral oppgåve å støtte våre medlemmers arbeidsvilkår, og slik situasjonen langs jernbanen er i dag er vilkåra for dårlege. Det går ut over dyrevelferda, bondevelferda, og er ein utfordring for ein god bruk av utmarksbeitene  som då svekker gardanes ressursgrunnlag.

-Eg tykkjer det er utruleg at Bane Nor har valt å la denne saka gå så langt når alt historisk materiell og praksis viser at det er dei som har gjerdeplikta for å trygge folk og dyr langs linja deira, seier styremedlem i Rogaland Bondelag, Bente Gro M. Slettebø, somhar i lag med kontoret følgt saka frå den kom i frå Lund Bondelag i 2015. -At grunneigarane nå har samla seg og tar saka til retten skal dei ha honnør for. Det er saker som denne som viser verdien av å stå i lag for felles sak når selskap på vegne av staten er mektig motpart. Å opphalda seg ved linja, når eit tog, passerer er skremmande. At det frå Bane Nor tas så lett på tryggleiken gjer meg sint. Eg ser fram til at denne saka får ei løysing. Å liggja vaken , som fleire bønder nå gjer gjennom beitesesongen, unnar eg ingen, held ho fram.

At bonden kan gjerde sjølv er ikkje aktuelt då det betyr å jobbe farleg nær høgspentlinjer og tog som kjem i høg fart. Det krevjar fagfolk med rett kompetanse, og ein må vere minimum tri for å kunne utføre eitt arbeid som må koordinerast med jernbanen. Det er Bane NOR og deira personale som har den rette kompetansen for den slags arbeid og har enkel tilgang via jernbanelinja.