Halvar Ellingsen, blant anan kjendt frå programmet Kokkeliv og sin restaurant Kvitnes Gard i Vesterålen, vitja Rogaland i forbindelse med eit samarbeidsprosjekt der Den Norske Turistforeining og Noregs Bondelag. Der set me fokus på lokal mat på turistforeiningshyttane. Og då er matfylket Rogaland ein naturleg plass å besøke, der fjellheimen rundt hyttene er godt nytta av beitedyr og dalføra og fjordarmane gjer grunnlag til eit levande landbruk. Fotturistane nyt godt av dei opne stiar, kulturlandskap og setervoller som det aktive jordbruket leverer - og då er samarbeidet mellom DNT og Bondelaget naturleg.

På vegen opp henta me utmerka frukt på Årdal Fruktpakkeri

Å ete lokalt er ikkje berre viktig for berekrafta, det er og med å gje eit lokal særpreg på menyane.Det var for så vidt ikkje noko servering av sau diverre, men utmerka lam og kjekjøt frå Ryfylke var det masse av. Samt gode tomatar og potet frå Stavanger, premievinnande bacon, spekeskinke, egg og ost frå nærliggande produsentar og mykje meir godt. Til maten hadde mange av gjestane ypparleg eplesider frå Hjelmeland. Med det mangfaldet av kvalitetsprodukt i Rogaland og Ryfylke er det eitt under at me importerer noko som helst!

Låglandspotet på høgfjellet