- Politikarane tek vekk livsgrunnlaget til mange med eit pennestrøk

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Jan Arild Seldal er tredje generasjon pelsdyroppdrettar på Seldal i Sandnes. Nå ser han ikkje lenger ei framtid i garden.
Jan Arild Seldal er tredje generasjon pelsdyroppdrettar på Seldal i Sandnes. Nå ser han ikkje lenger ei framtid i garden.

Regjeringa går inn for ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa, bare eitt år etter at Stortinget vedtok ei berekraftig utvikling av næringa. Pelsdyroppdrettar Jan Arild Seldal er sjokkert.

Jan Arild Seldal og kona Bjørg Seldal har drive med mink sidan 1985. Jan Arild er tredje generasjon pelsdyroppdrettar på garden Seldal i Sandnes. Planen var at sonen skulle overta. Nå ser det ut til at den blågrønne regjeringa set ein stopper for det.  

Fekk sjokk

Jan Arild legg ikkje skjul på at han fekk sjokk då han og kona tilfeldigvis fekk med seg nyheita om ny regjeringsplattform og at partane var samde om ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025.

- Eg trudde eg skulle få slag! Det er heilt utruleg at politikarane på eit pennestrøk kan ta vekk livsgrunnlaget til så mange personar, seier Seldal.

Bare i Rogaland er det rundt 80 pelsdyroppdrettarar. Seldal har vore aktiv i rekrutteringsarbeidet i pelsdyralslaget og anslår at så mange som rundt halvparten av desse har investert store beløp i farmen sin i løpet av dei siste 10-12 åra.

Erstatning

Pelsdyroppdrettaren på Seldal har ikkje den store trua på at politikarane vil snu i denne saka.

- Nå må fokuset vera at dei bør gi alle dei som mister livsgrunnlaget sitt ei skikkeleg erstatning. Mange har investert 10-15 millionar. Utan erstatning vil dei gå konkurs, seier Seldal, som er både fortvila og overraska.

- Det er bare eitt år sidan det vart snakka frå landbruksministeren om langsiktige rammevilkår og nå snur dei heilt rundt. Det er heilt utruleg at det går an, seier den frustrerte pelsdyroppdrettaren.

Han har sjølv ein son som hadde planlagt å ta over garden på Seldal i Sandnes. Med bare 40 mål jord blir det vanskeleg.

- Dei snakkar så fint om omstilling, men kva skal me omstilla oss til? Spør Seldal.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Våre samarbeidspartnere