Ola Andreas Byrkjedal opnar årsmøtet i Rogaland Bondelag

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Les heile tala her.

Ordstyrar, årsmøte – kjære kollegaer og venner

Velkommen til fylkesårsmøte i Rogaland Bondelag her på Scandic Stavanger Airport Hotell, Sola. Nok ein gong, spesielt velkommen til dei av dykk som er på årsmøte for første gong. Her skal det vera rom for å sei det du meiner. Det er gjennom meiningsbrytingar at løysningar og verdiar vert skapt. Eg håper me kan få to gode dagar i lag, og med gode debatter.

Året 2014 er blitt historie, og vil bli huska som det året med godt og laglig vær og med gode avlingar. Svinenæringa kom opp av bølgedalen etter mange år med overproduksjon. Egg og fjørfenæringa slit nå med overproduksjon og manglande inntening. Me ser ein sterk og ukontrollert auke i importen av mjølkeprodukt og at priser på mjølk og mjølkeprodukt internasjonalt har falle med 25-50 % det siste året - dette er utfordrande. Samtidig er det framleis eit stort underskot av storfe- , sau- og lammekjøtt. Pelsdyrnæringa fekk nok eit tøft år.

 

Arbeidsåret                                                                                                                            Styret har hatt eit godt arbeidsår i lag med administrasjonen, og arbeidet har naturleg vis dreidd seg mykje om landbrukspolitikk. Folk har mange rare oppfatningar om landbruket. Vår oppgåva er derfor å skapa derfor å skapa betre forståing om det arbeidet me som bønder faktisk driv med. Der er ikkje sjølvsagt at forbrukaren kan ha mjølk og brød på frukostbordet kvar dag. Sidan folk flest utanfor vår næring vert prega av utsegn og meiningar frå politikarar og samfunnsdebattantar, er det viktig å retta innsatsen mot desse

 

«Kæ seie bonden»                                                                                                                      Eg vil gå eit år tilbake i tid, til årsmøte 2014 i Haugesund. Då hadde årsmøte premiere på filmen «Kæ seie bonden» laga av infoutvalet ved Bente Gro M. Slettebø og Sigbjørn Hofsmo med fleire. NRK var på plass med eit filmteam på premieren, og lanseringa av musikkvideoen vart viste både på NRK – Distriktsnyhende og Dagsrevyen. Filmen var eit direkte svar til Listhaug som meiner at landbruket har eit imageproblem. Musikkvideoen har hatt over 300 000 visningar på You Tube, og i NRK Rogaland vart den kåra til en mest leste artikkelen for 2014 med 270 844 treff ! Filmen fekk fram eit viktig bodskap med eit lett humoristisk vri. Ekstra kjekt var det når Knut Storberget uttalte på Bondetinget  at «Kæ seie bonden» hadde fått Ap til å vakna. Eg vil takka initiativtakarane Bente Gro, Sigbjørn, infoutvalet og alle som var med å gjera produksjon av musikkvideoen mulig. Dei klarte å engasjere heila landet med You Tube-hitten. Snakk om god reklame for norsk landbruk ! Eg synes dei fortener ein god klapp !!

 

Jordbruksforhandlingane 2014                                                                                              Rogaland Bondelag sitt innspel til jordbruksforhandlingane 2014 vart gitt på grunnlag i uttale frå 25 lokallag, uttale frå grønutvalet og 10 ulike organisasjonar. Takk for stort og konstruktivt engasjement. Heile uttalen kan de lesa på sidene 10 – 13 i årsmeldinga.  Ikkje uventa, vart det brot i jordbruksforhandlingane i fjor. Dette vart kjent ut på ettermiddagen den 13. mai. Når brotet vart kjent reagerte de i lokallaga lynkjapt. Det var med brenning av bål, traktorkolonnar, lokale blokadar av kantine for politikkarar, reinseanlegg for kloakk og utdeling av informasjonsmateriell. Aksjonane hjå oss i Rogaland fekk stor merksemd i media – både i lokal- ,regional- og riksmedia, ingen kritiske innslag verken i avis eller radio/tv.  Å opptre i media kan vera krevjande, men de i lokallaga gjorde ein kjempejobb. De opp trådde som gode ambassadørar for den norske bonden. Takk skal de ha. Ein ekstra takk til dei av dykk som var med som blokadevakter under blokaden av tre anlegg for utkjøring av egg i fylket vårt. Blokaden vart i 27 timer, det vart ei lang natt med grilling av pølser. Gjesdal Bondelag sa det så godt: «Det kan vere trygge på at me stiller opp». Det er godt for oss i styret å veta at me har lokallaga i ryggen når det skal aksjonerast.

 

Myter om norsk landbruk.                                                                                                        Det er mange myter om norsk landbruk og om oss bønder. I landbrukskalenderen for 2015 er det nokre fine påstandar sagt av barn, her er to - tre av dei:

Håge, 7 år «Bonden er ein veldig lykkelig mann, først og fremst fordi har har traktor, men og fordi han sleppe å jobba»

Ole, 5 år « Bønder blir lykkelige bare dei kjenner lukta av lort.»

Hanne Victoria, 6 år «Bønder smiler veldig mykje, fordi dei får i seg så mykje frisk luft».

Det er andre myter som er langt meir alvorlige: Eg reknar med at dei fleste har høyrt påstanden om at me bønder har eit sugerøyr ned i staskassen og at ein for stor del av statsbudsjettet går til landbruk og matproduksjon. Fakta er at ein stadig mindre der av statsbudsjettet  vert bruk på landbruk. I 1978 var jordbruksavtalens andel av statsbudsjettet på 8 %, i 1990 var den redusert til 5,7 %, i år 2000 var  den redusert ytterleg til 3,6 %, i 2010 var den på 1,8 % og nå er den på 1,3 %. Fortsetter det på denne måte, vert det snart brukt mindre enn 1 % over statsbudsjettet  for å sikra vår nasjonale matproduksjon.

Andre myter er at norsk landbruk er lite effektivt. Ein for inntrykk av at me bønder er gammeldags, bakstreverske og ikkje har me tilpassa oss dagens samfunn. Ein annan påstand er at norsk mat er dyr. Vert ein usannhet gjentatt mange nok gonger, vert det plutseleg ein sannhet. Det er mange samfunnsdebattander som strør om seg med myter og usannheiter om norsk landbruk. Desse mytane må avlivast ein gong for alle. Eg har tru på ein opplysande og faktabasert debatt om korleis norsk mat vert og skal produserast i framtida. Her kan me – og må me alle bidra !

 

Biogass                                                                                                                              Rogaland er det største husdyrfylke i landet og det er me stolte av. I min årsmøtetale i fjor sa eg: «Det skal lukta hevd i Rogaland» ! Denne dritlukta kan erstatt 50 mill. liter bensin i året, berre i Rogaland, gjennom biogassproduksjon. Litt mindre enn ein tiandel (8,7%)  av klimagassutsleppa i Norge kjem frå jordbruk. Mykje av dette stammer frå Rogaland. Med både teknologi og masse husdyrgjødsel tilgjengeleg, og med litt investering kan det som i dag er forureinande gassar bli til lange køyreturar på fornybar biogass. Biogass kan gi store mengder fornybar energi, kutt i klimautsleppa og auka verdiskaping. Her snakkar me om ein vinn – vinn situasjon. På Jæren ligg både gardsbruka og gassrøyra rimeleg tett, noko som gir eit godt utgangspunkt for transportere rågass i staden for husdyrgjødsel gjennom etablerte gassrøyrleidningar.

Gjødsla luktar mindre etter ho har gått gjennom eit biogassanlegg. Samtidig vert det sagt at plantene tek opp næringsstoffa frå gjødsla betre. Det bør leggjast godt til rette for biogassanlegg og det trengst gode støtteordningar i oppstartfasen for å hausta erfaringar.

Meir om biogass i landbruket i morgon med Asbjørn Høivik som er teknologidirektør i Lyse.

 

Lausdrift i mjølkeproduksjonen                                                                                                 Eg vil innom ei spesielle sak som det er stort engasjement om rundt i fylket, det er krav om lausdrift i mjølkeproduksjonen innan 2024 – om berre 9 år. Det er litt spesielle overgangsregler, men dei aller fleste båsfjøsa er bygde før 1. januar 1995 og vil difor koma inn under hovudregelen om lausdrift innan 2024.

Eg fekk nett tilsendt ein rapport frå TINE Rådgiving – Lausdrift i mjølkeproduksjonen – staus og investeringsbehov i Rogaland. Eg vil koma nokre fakta frå den. Av 1372 fjøs i Rogaland er det 995 båsfjøs (73 %) og 377 lausdriftsfjøs (27 %) 51 % av liter mjølk kjem frå båsfjøs mot 49 % frå eit lausdriftsfjøs. Lausdriftsfjøsa har betydeleg større mjølkemengd enn båsfjøsa, i snitt 2,4 gonger så mykje.

Det er stor skilnader mellom regionane, Jæren ligg høgast med 35 % lausdriftsfjøs, Dalane med 22 %, Ryfylke med 21 % og til sist Haugalandet med 17 % lausdriftsfjøs.

Endringar i nasjonale prioriteringar, internasjonale forhold, klimatiske endringar, mm. er alle usikkerheiter som vil påverke marknaden for mjølk i Norge. I rapporten er det estimert til mellom 330 og 410 nye lausdriftsfjøs  i Rogaland til mellom 40 og 50 kyr. Det er stipulert eit kostnadsspenn på ca. 1,5 – 2,6 milliardar kroner for å bygge ca. 16.400 båsplassar som lausdriftsfjøs fram til 2024. Ein rapport som kom frå Agri Analyse i 2013 estimerer eit investeringsbehov innan produksjon av mjølk og storfe på mellom 11 og 20 milliardar kroner.

I dag er det om lag 20 kyr i snitt per båsfjøs. Skulle desse prognosane slå til snakkar me minst om ei halvering av tal mjølkebruk fram til 2024. Historiske tal syner at me har hatt ein reduksjon på 1270 eller 46,44 % i tal føretak med mjølkeproduksjon i perioden 2002 – 2012.

Frå fleire av medlemmane i Rogaland har eg fått følgjande uttale: "Dette er ikkje ein dato du har fått for å byggja nytt fjøs, men ein dato når tid du skal gi deg som mjølkeprodusent»

Styret i Rogaland Bondelag har tatt tak i saka og sendt den over til Norges Bondelag. Eg er kjent med at styret i Norges Bondelag skal handsama saka på mars møte og Rogaland Bondelag vil oppmoda at Norges Bondelag arbeider for at datofesta overgangen frå lausdrift til båsfjøs vert oppheva. Alle nye fjøs skal sjølvsagt byggjast til lausdrift.

Me opplever nå ei bruksrasjonaliseringa innan norsk mjølkeproduksjon som me aldri har sett før.

 

Jordvern                                                                                                                              Norge har lite jordbruksareal samanlikna med mange andre land. For å sikra matproduksjonen er det difor viktig med eit sterk jordvern. I ein verden med auka folkemengd og med jordas minkande evne til å produsera mat, er jordvern meir enn ei bondesak. Difor har FN utpeika 2015 til å vera det internasjonale året for vern av matjord. Målet med det internasjonale jordåret er å auka bevisstheten om jordsmonnets tyding og å setja fokus på vern av våre jordressursar  Berre 3% av Norges landareal er i dag dyrka. Det utgjer om lag 10 millionar dekar. Av detter er et rundt 30 % som er eigna til å dyrka matkorn på. Ingen av EU-landa har lågare andel.

I går presenterte  Asplan Viak ein rapport som skal leggja grunnlaget for LMDs jordvernstrategi som skal leggjast fram for Stortinget i mai. I rapporten vert det peika på virkemiddel innanfor areal- og transportplanlegging, men også tiltak innanfor samferdselsektoren og andre tiltak som jordflytting og jorderstatningsfond vert nemnd. Dette er positive tiltak, men eit styrka jordvern vil framleis vera avhengig av fleirtal i kommunestyret. Av erfaring ser me at kommunestyrene ofte vel kortsiktig vekst og utvikling framfor å ta vera på næringsareala som gir mat for all framtid.

Dyrka og dyrkbar mark må få eit like strengt juridisk vern slik som 15 % av landets areal er verna gjennom naturmangfaldloven og andre lover.

Sist laurdag les eg på NRK nett at ordføraren i Sandnes ikkje vil byggja ut meir matjord i kommunen, enn det som allereie er planlagt. (Helga vart redda for min del.)

-«Matjorda i Sandnes er nesten heilag» sa ordførar Stanley Wirak. Dette står det respekt av og er eit eksempel til etterfølging av ordførarar og lokalpolitikarar i andre kommunar.

 

Verdiskaping                                                                                                                             Med om lag 90 000 arbeidsplassar i landbruk og landbruksbasert næringsmiddelindustri er næringa vår ein stor verdiskapar i Norge. Overføringane på ca. 14 milliardar – som berre er på 1,3 % av statsbudsjettet – er ein god samfunnsmessig investering, når me får ut råvarer til 38 milliardar og ein samla produksjonsverdi i heile næringskjeda på 130 milliardar kroner. Dette er ein god investering for nasjonal mattryggleik, trygg mat, levande bygdesamfunn, vakkert kulturlandskap og kortreist klimavenleg produksjon.

 

Jordbruksoppgjeret 2015                                                                                                           Det har vore ein gode prosess i organisasjonen i forkant av forhandlingane i år også. Mange gode innspel. AU og styret har gått gjennom alle uttaler og gitt ein felles uttale til Norges Bondelag.

 

Politikk                                                                                                                                        Eg har merka meg at samarbeidsklima mellom Regjeringa og KrF - Venstre har vore heller kjølig den siste tida. Det er nok å nemna Per Sandberg sitt utspel som fekk KrF-Hareide til å hudfletta Per Sandberg på direkte sendt radio og Rogaland Venstre som vedtok ein mistillitsresolusjon mot justisminister Anundsen.

Landbrukspolitikk er kanskje det feltet det er størst forskjell mellom Regjeringa og samarbeidspartia. Det nærmar seg eit nytt jordbruksoppgjer og nå har Regjeringa ein god moglegheit til å koma samarbeidspartia i møte innan landbrukspolitikken. Det står at å sjå om dei nyttar denne moglegheita, eller om det er Listhaug og FrP sin ideologi som får rå.

 

Medlemsvekst                                                                                                                           Ved årsskiftet 2014/2015 var det 6377 medlemmer i Rogaland Bondelag. Totalt er det vervet 313 nye medlemmer i løpet av året. Med ein avgang på 288, har Rogaland Bondelag ein vekst på 25 medlemmer. Totalt har 20 lokallag hatt medlemsauke i løpet av året. Størst medlemsauke har Gjesdal Bondelag hatt, med 30 nye medlemmer, følgt av Stavanger Bondelag med 28, Sandnes Bondelag med 24 og Time Bondelag med 23.

Skal ein organisasjon fungera, er den heilt avhengig av aktive lokallag. Vår styrkje er at me er til stede i mest alle av fylkes kommunar. Eg er imponert over den innsatsen mange av dykk legg ned i organisasjonsarbeid. Me har politiske utfordringar og skal me lukkast med å ha eit lønsamt landbruk over heile landet, må me stå saman,

Visdomsord til slutt: Willie Nelson, amerikansk countryartist:

« Kampen for familiegardar handlar ikkje om bønder. Det handlar om å forsikre seg om sikker og sunn mat til oss alle. Og det handlar om jobbar. Det handlea om eit betre land»

 

God debatt og godt årsmøte !

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Våre samarbeidspartnere