Innlegg frå Rogalandsdelegasjonen

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Ole Martin Eikeland og Jan Idar Haugen hadde også innelegg på generaldebatten på Bondetinget. Laurits Stokkeland stilte og spørsmål til landbruksmisteren. Les dei her.

Innlegg av Ole Martin Eikeland (red.)

Eg kjem frå ein del av landet vårt som har rikeleg med både fjordar og fjell. Landskapet skiftar frå flate dalbotnar til bratte fjellsider. Den dyrka marka ligg stort sett samla i dalbotnen, som er ganske så langstrakt. I ein kommune som har landareal på størrelse med Vestfold fylke finn me sju barneskular, med tilhøyrande bygdesenter, og i tillegg fleire små grendar spreidd rundt desse. Haustbart grovforareal er minimumsfaktoren på dei fleste ruka, men bruka har eit spekter av resursar som kan gje eit levebrød samla sett. Nærheit til gode utmarksbeite er viktig for mange husdyrbrukarar. Me er i Rogaland, men også i Vestlandet!

Skal ein utvikle drifta betyr det ofte lange avstandar og tung veg til leigejord/tilleggsjord. Det betyr og at jord fell ut av drift fordi det rett og slett ikkje blir tid til å drifte dei små skifta om ein får for mange skifte ein skal rekke over. Og det betyr avfolking av dei små bygdene som ligg spreidd utover kommunen min.

Me må fortsetja å framheva bruken av budsjettmiddlar for å nytte heile landet i matproduksjon. Dette betyr at me også i dei kommande kraa våre må ha ein tydeleg strukturprofil på bruken av budsjettmidlar. Eg beundrar verkeleg dei som held i drift bratt og tungdriven jord, og meiner det vil vere på sin plass å få til betre støtteordningar enn i dag for å halde disse areala i drift.

 

Innlegg frå Jan Idar Haugen (heile

Sluttmarknaden for all matproduksjon er forbrukaren. I Noreg produserer me for ein forholdsvis liten, men kjøpesterk, innanlands marknad; som stiller krav til kvalitet, kvantitet og pris. Konkurransekraft har me når forbrukaren vel våre produkt igjen og igjen. 


Norsk landbruk og norsk mat har eit godt rykte, som gir konkurransekraft. Men me er òg avhengige av å halde kostnadsnivået i verdikjeda nede, for å gi forbrukaren ein pris han oppfattar som rett, ta volum og auke den totale verdiskapinga. 


Målprisauke tidleg i verdikjeda aukar kostnadsnivået, og fordyrar sluttproduktet. Ein kan ikkje «henge på» konkurransekraft i slutten av verdikjeda. Den må vera ein raud tråd frå start til slutt: frå åker til middagsbord. 
I eit gjennomsnittleg år blir 80% av den norske kornproduksjonen nytta til dyrefôr. Forbrukaren møter dette kornet i form av egg, mjølk og kjøt. Skal desse sluttprodukta vere konkurransedyktige må kornet (som innsatsfaktor) vera av rett type og kvalitet til å inngå i fôr tilpassa dyra sine næringsbehov og fordøyingssystem. Slik kan me utnytta ressursgrunnlaget til kornproduksjon maksimalt, auka lønnsemda i kornproduksjonen, redusera kostnadane i kraftfôrindustrien, redusere importbehovet, og styrkje resultatet for heile verdikjeda. Kornprodusenten og husdyrbonden bør difor ha som mål å sjå verdikjeda i samanheng og gjera forbetringar deretter. Me bør i større grad fokusere på produksjonstilpassing og effektiv vareflyt, og gi betalt til produsentar som legg ned ekstra arbeid, kapital og risiko i forbetringar som gagnar heile verdikjeda. 


Eit kvalitetstilskot utover dei vanlege vurderingskriteria er effektivt for å styra produksjonen i ei ønska retning. Rogaland bondelag har ved fleire anledningar tatt til orde for eit kvalitetstilskot på korn. Eit hovudkriterium for eit slikt tilskot må vera å tilpassa sort, val og kvalitet til behova i kraftfôrindustrien. Kraftfôr som er lønsamt for husdyrprodusenten å bruke må i større grad bli lønsamt for kornprodusenten å produsere. Slik aukar ein konkurransekrafta til norsk korn: slik aukar ein konkurransekrafta til norsk mat. 

 

Spørsmål fra Laurits Stokkeland til landbruksminister Jon Georg Dale:

Norsk grøntproduksjon har de siste årene fått økning i målprisene. Det er enkelt å øke målprisene fordi det ikke medfører økte budsjettmidler. Forbruket av grønt har økt de siste årene, mye av økningen skyldes økt import. Tollvernet har stått stille siden det blei innført (med unntak av ostetollen), og de fleste norske kulturene klarer ikke å ta ut målprisen lenger, eksempel tomat lå under målpris i hele sesongen 2016.

Mitt spørsmål blir da:

Hvorfor legges det på målprisene på grønt samtidig som det ikke kjempes om økt tollvern i norsk sesong?

 

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Norges Bondelag sitt representantskap

Norges Bondelag sitt representantskap er nå samla i Oslo for å legge strategien før årets landbruksforhandlingar. Fylkesleiar Marit Epletveit var først på talarstolen når det blei opna for generell debatt på krava til jordbruksforhandlingane.

Pelsdyr-debatt på Klepp Bibliotek

I samarbeid med Klepp bibliotek og Bondevennen inviterte Nationen til debatt om pelsdyrnæringa. Møtet ble holdt på Klepp Bibliotek i går kveld.

Styretur til Egersund

Styret har kommet kjapt i gang med styrearbeidet etter årsmøtet og har vært på styretur til Egersund. Sveinung Svebestad var med å styrte prosessen. På agendaen stod blant annet fordeling av representanter til ulike utvalg i Rogaland Bondelag. Det ble også tid til en tur på kino i Egersund.

Matjord bør vernes – også på Fagerheim

I Norge er bare 3 prosent totalt egnet til å dyrke mat i. Vi er derfor for bevaring av all matjord i Haugesund, og mot reguleringen av Fagerheim som ramme for utvikling av en ny bydel, skriver Nini Hæggernes fra Miljøpartiet De Grønne Haugesund i dette leserinnlegget.

Våre samarbeidspartnere