Er du klar for Bondens marked?

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Det vil bli selt mange ulike produkt på Bondens marked, blant anna grønsaker.
Det vil bli selt mange ulike produkt på Bondens marked, blant anna grønsaker (illustrasjonsfoto).

Laurdag 21. oktober blir det Bondens marked på torget i Stavanger.

For fyrste gong på fleire år blir det Bondens marked i Rogaland.

15 ulike produsentar deltek med eigne produkt og vil saman skapa skikkeleg marknadsstemning på torget i Stavanger.

Produsentane og produkta

Desse produsentane er klare for Bondens marked Rogaland:

  • Ryfylke frilandsgris: poteter og tek opp bestilling på kjøtt frå frilandsgris.
  • Klostergarden: fenalår.
  • Sandalen gård: epler, plommer, stikkelsbær og eplejuice.
  • Hydrokult: salat, microgreens og urter.
  • Bekkereinan: spekepølser, spekeskinke, grovmalte kjøttpølser, chorizo og meir.
  • Ullandhaug økologiske gård: grønsaker og anna.
  • Ryfylke lefsebakeri: lefser, kråtakaker, potetkaker og tjukklefser.
  • Eplefryd: eplemost og eplechips.
  • Holen Ullverksted: garn og ullprodukt.
  • Köhler-paviljongen: saft og gløgg av rabarbra. Honning.
  • Midtjord gård: frilandsgrønsaker.
  • Målfrids urter: debiogodkjende urtedrikkar.
  • Smågrønt: Microgreens.
  • Inger Anne Refsnes: poteter og gulrøter.
  • Gunnar Lurane: sild med ulike sausar.

Her kan du lesa meir om kvar enkelt produsent.  

Strenge krav til produsentane

Bondens marked stiller strenge krav til produsentane. Råvarene skal vera lokale og sporbare. Foredlinga skal ha eit handverksmessig- og småskala-preg og produsentane sjølv skal stå for salet.

På Bondens marked 21. oktober i Stavanger vil du derfor få sjansen til å sikra deg lokalproduserte kvalitetsprodukt samtidig som du kan få høyra historia bak produkta.

Marknaden er ope frå 11.00 til 16.00 på torget i Stavanger sentrum.

I tillegg til Bondens marked vil det også vera handverksmarknad på torget.

- Bruk Bondens marked

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, er glad for at det blir Bondes marked i Rogaland nå.

- Det er kjempespanande. Og så er det spanande å sjå om kundane vil bruka det nok. Produsentane kan ikkje stå på ein marknad og selja produkt viss det ikkje er kundar der, seier Epletveit og kjem med ei oppfordring:

- Legg laurdagshandlinga til Bondens marked!

Kva er bondens marked?

Bondens marked har blitt etterlyst i Rogaland den siste tida. Konseptet vart etablert i Noreg i 2003, etter modell frå det internasjonale konseptet Farmers Market. «Bondens marked» er eit  beskytta merke, eigd og kontrollert av Stiftelsen Bondens marked Norge.

På Bondens marked kan du få kjøpt mat direkte frå produsenten. Produkta varierer gjennom sesongen og også frå marknad til marknad.

Stiftarane bak Bondens marked Norge er Norsk Landbrukssamvirke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Hanen og Oikos – Økologisk Norge.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere