Bli med i utforminga av dei gode arealløysingane for jærregionen!

Av Marianne Osmundsen,
  • Tips en venn om denne siden

Dialogforumet Jærsmiå inviterer til open dialogkveld i Klepp rådhus 21 august. Tema: Kor skal me dyrka og kor skal me bygga? Og korleis blir me betre på å snakka saman? Me vil gjerne ha DEG med i dialogen om berekraftig arealutvikling og gode lokalsamfunn i jærregionen. Dialogsamlinga startar kl. 18.30.

Jærsmiå består av profilerte representantar for landbruk, bolignæring og anna næringsliv, politikk og forvalting på kommunalt og regionalt plan, samt frilufts- og verneinteresser. Smiå brukar dialog som verktøy for å utvikla felles visjonar og modellar for korleis jærregionen og jærlandskapet skal forvaltast, visjonar som gir vekstrom for alle interesser.

Der «diskusjon» er å vinna over motpart med ord, er dialog å utforska felles verdiar og samskapa nye løysingar.

Program for kvelden:

  • Presentasjon av Jærsmiå, dialogverktøyet og resultat av dialogen så langt (her har me ei overrasking på lur!), v/prosjektleiar for Jærsmiå og rektor ved HLB, professor Dag Jørund Lønning
  • Presentasjon av "jærbloggen" og den nye nettportalen for arealutvikling i jærregionen, v forskar ved HLB, Olav Eggebø
  • Tema: Kor ska me dyrka, og kor ska me bygga? Og korleis blir me betre på å snakka saman?

Innspel frå bønder og utbyggarar i Jærsmiå. Innspel også frå fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, om korleis det offentlege kan bli enno betre på dialog.

  • Open dialog med alle frammøtte som deltakarar: Korleis kan me samarbeida på tvers av sektorar og interesser for å løysa arealutfordringane våre? Korleis får me gode prosessar der alle kan bidra?

Det er gratis inngang, og me håpar på brei deltaking. Alle! er inviterte; politikarar, byråkratar, planleggarar, forvaltarar, bønder, friluftsinteresserte, bustad- og næringsutviklarar, interesserte enkeltpersonar eller representantar for lag/organisasjonar, gamle og unge, byfolk og bygdefolk, og alle dei me ikkje har nemnt.

Brenn du for regionen og jærlandskapet? Møt opp og bli med i dialogarbeidet for berekraftig arealutvikling.

Teksten er hentet fra HLB sine hjemmesider

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Våre samarbeidspartnere