Velkommen til samling for unge bønder
Nortura, Felleskjøpet, TINE og Bondelaget i Møre og Romsdal inviterer til samling for unge bønder på Håholmen Havstuer i Averøy fredag 29. og laurdag 30.januar 2016. Målet med samlinga er å inkludere nye bønder i landbruksfamilien, og samtidig formidle nyttig kunnskap om næringa og det å vere bonde.
Utdrag av innhald:
- ”Å ha mot til å gjera det ein har lyst til” v/Magnhild Vik.
- Gardsbesøk på Averøy: Vegard Smenes, Roy Arne Veiset.
- Nye/yngre bønder fortel om erfaringar og planar: Marte Halvorsen, Valsøyfjord, Konrad Kongshaug, Averøy.
- Korleis er framtidsutsiktene for landbruket? v/ Gunnhild Overvoll og Arnar Lyche, Møre og Romsdal Bondelag.
- Om landbrukssamvirke og utfordringar i næringa v/Petter Baalsrud, TINE.
- Ville, våge og meistre, - om eigenmotivasjon og meistringstru for gardbrukarspirer v/Arild Hoksnes.
Kostnader: Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.
Påmelding med opplysningar om navn, e-postadr og mobilnr innan torsdag 14. januar 2016 til more.romsdal@bondelaget.no - tlf 41 41 88 71.
PROGRAM - (I PDF - klikk her)
Håholmen Havstuer – Averøy
Fredag 29. januar 2016:
Møteleiing: Rose Bergslid, er bonde i Tingvoll og rådgjevar i Møre og Romsdal Bondelag.
11.30: Frammøte / lunsj, Bjartmars Kro, Kårvåg.
12.30: Velkommen. Presentasjon av deltakarar og arrangørar.
13.15: Magnhild Vik: ”Å ha mot til å gjera det ein har lyst til”. Magnhild er bonde i Innfjorden i Rauma. Dessutan er ho lokalpolitikar. Ho har tidlegare vore tillitsvald i TINE, samt at ho var fjorårets vinnar av Farmen på TV2.
14.15: Avreise befaring/gårdsbesøk på Averøy:
14.20 – 15.15: Vegard Smenes (28), Kårvåg: Har nyleg tatt over familiegarden og ønskjer å vidareføre mjølkeproduksjonen i sitt nyutbygde båsfjøs.
15.15: Kjøre til Kvernes, ca 20 km.
15.45 – 16.45: Roy Arne Veiset (38), Kvernes: Har bygd ny fjøs der mjølkekyrne ligg på treflis.
17.00-17.30: Båt frå Atlanterhavsvegen til Håholmen. Innsjekking.
19.00: Saga Siglar – filmen.
20.00: Middag, inkludert quiz.
Laurdag 30. januar 2016:
09.00: Petter Baalsrud: Landbrukssamvirket i ei ny tid. Petter er regionsjef i TINE, og har også erfaring som bonde i Rindal.
10.00: Veivalg og utfordringar i å overta ein gard:
Konrad Kongshaug (38), Averøy: Har bygd nytt fjøs og satsar på kjøttproduksjon.
Marte Halvorsen (40), Halsa: Driv tradisjonelt med båsfjøs i kombinasjon med å vere lærar.
10.45: Pause/utsjekking.
11.15: Gunnhild Overvoll: Mitt landbrukspolitiske engasjement. Gunnhild er bonde i Stranda og nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag.
Arnar Lyche: Korleis er framtidsutsiktene for landbruket? Arnar er sauebonde i Gjemnes og organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag.
12.15: Lunsj
13.15: Arild Hoksnes: Ville, våge og meistre, - om eigenmotivasjon og meistringstru for gardbrukarspirer. Arild Hoksnes, oppvaksen på Gossen, titulerer seg som motivator. Dette reflekterer hans virke som NRK-medarbeidar, artist, foredragshaldar og coach.
14.30: Avslutning/båttransport til Atlanterhavsvegen.