Programmet for Landbrukskonferansen er klart
Temaet for Landbrukskonferansen i år er Landbrukets rolle i totalberedskapen. Vi er glade for å kunne vise fram eit spennande program!
Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk.
I år har vi særleg fokus på viktigheita av landbruket for beredskap og mattryggleik. Dagen blir leia av Kristin Sørheim. Ho er veterinær og forskar ved NORSØK.
Program
09:30 – 10:00 Registrering og kaffi
10:00 – 10:20 Musikalsk opning med Untitled frå nasjonal jazzlinje i Molde.
Opning ved Else-May Botten, Statsforvaltar i Møre og Romsdal
10:20 – 11:05 Samfunnstryggleik og beredskap i ein ny sikkerheitspolitisk situasjon - Korleis rigge oss betre for nasjonal matproduksjon, mattryggleik og forsyningstryggleik?
Elisabeth Vik Aspaker, Statsforvaltar i Troms og Finnmark og nestleiar i Totalberedskapskommisjonen
11:05 – 11:50 Mattryggleik og beredskap på landbruksområdet
Bjørn Martin Ørvim, spesialrådgjevar i Riksrevisjonen
11:50 - 12:10 Pause
12:10 – 13:00 Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal
Fylkesordførar Anders Riise
Samtale med dei tre innleiarane
13:00 -14:00 Lunsj
14:00 – 14:30 Korleis bidreg vi i totalberedskapen?
Ellen Marie Syse, styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Konrad Kongshaug, styremedlem i Norges Bondelag
14:30 – 14:50 Pause
14:50 – 15:30 Inspirasjonsbønder
Hegelin Waldal og Audun Skjervøy, Fjord
Anne-Berit og Ola Kvendset, Surnadal
15:30 – 15:45 Utdeling av landbruksselskapets Inspirasjonspris
15:45 – 16:00 Oppsummering / avslutning ved fylkesleiarane
Olav Håkon Ulfsnes, Møre og Romsdal Bondelag
Stein Asle Brubæk, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag
16:00 Vel heim!
PÅMELDING
Pris: kr. 500,- pr. pers. inkl. lunsj og forfriskningar. Dette blir fakturert i etterkant av konferansen.
Påmelding snarast - og seinast 24. februar 2024. Dei som skal vere delegatar på årsmøtet til Møre og Romsdal bondelag vil ikkje bli fakturert.
Meld deg på Landbrukskonferansen her