Sjølv om stortingsrepresentantane ikkje greidde å samle seg om ein opptrappingsplan for bondeinntekta eller om korleis ein skal berekne kva bøndene tener, vedtok Stortinget ein plan for å auke norsk sjølvforsyning til 50 prosent innan 2030. Det er ikkje mogleg å nå dette målet utan å auke produksjonen i jordbruket.

– Det er viktig at vi får eit forhandlingsresultat som kan løfte landbruket i distrikta, og som også er innretta mot små og mellomstore bruk. Vi treng å ha dei med vidare for å auke sjølvforsyninga påpeiker Ulfsnes.

Regjeringa uttrykt at ho har som ambisjon å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet innan 2027. Kravet Norges Bondelag har sett fram før jordbruksforhandlingane, legg opp til å tette meir enn halvparten. Bondelaget meiner at dette må til for at bøndene skal kunne tru på lovnadene frå politikarane.

– Dette handlar også om framtida for landbruket. Vi er nøydde til å gi unge bønder tru på framtida og leggje til rette for at dei skal kunne ha eit familieliv, derfor er det også viktig at velferdsordningane for bøndene blir styrkte, seier Ulfsnes.

Kravet frå Bondelaget inneheld fleire punkt for å styrkje både avløysingsordninga ved sjukdom og ordningane knytte til svangerskap og fødsel.

Kvar bonde tek ein betydeleg risiko for å bidra til beredskap og auka sjølvforsyning. Bøndene treng tryggleik for at dei skal kunne halde fram med å produsere mat og kunne betale rekningane sine.

 

– Skal vi ha matproduksjon må det også vere økonomisk interessant for bøndene å drive på med det. Både debatten som var før Stortinget behandla Stortingsmelding 11 om norsk sjølvforsyning, og den økonomiske situasjonen for mange bønder viser at jordbruksoppgjeret i år er avgjerande, og at regjeringa må gjere om ord til handling i landbrukspolitikken, avsluttar Olav Håkon Ulfsnes.