Kvar einaste dag kan ein handle norsk mjølk og kjøt av kvalitet i verdstoppen på den lokale butikken. I sesong bognar det av grønsaker som er blitt modne i jorda, og som ikkje er frakta frå andre sida av verda. Bønder i Møre og Romsdal og elles i Noreg fokuserer på å produsere sunn, god og trygg mat. Merksemda om dyrehelse, dyrevelferd og trygg mat ser vi igjen på at vi har eit av dei lågaste forbruka av antibiotika i Europa.

Ikkje berre er bøndene med på å sikre folkehelsa. Ringverknadene frå landbruket er store. Over 40 000 arbeidsplassar er direkte knytte til næringsmiddelindustrien over heile landet. Forsvinn bøndene, så forsvinn også arbeidsplassane til alle som vidareforedlar varene. Om ein legg til alle dei andre tenestene der landbruket speler ei stor rolle, blir det endå fleire. Fleire stader er landbruket faktisk som ei hjørnesteinsbedrift, og mang ei bygd hadde vore tom utan bøndene.

Eit levande landbruk i heile landet er ei av dei viktigaste investeringane vi gjer i beredskapen. Krigen i Ukraina har vist at vi ikkje kan ta matleveransar frå utlandet for gitt. Men landbruket er ikkje berre viktig for matberedskapen. I distrikta har bønder ofte vore viktige medhjelparar i blant anna brannsløkking og opprydding etter naturkatastrofar. Samanlikna med andre delar av beredskapen i landet er landbruket den billigaste.

Men det blir færre og færre bønder i fylket vårt. Ein ser det kanskje ikkje så godt i det daglege, men over halvparten av alle gardsbruka er nedlagde sidan tusenårsskiftet. 500 gardar har lagt ned berre dei siste ti åra.

Kvifor klarer vi ikkje å snu trenden? Det er faktisk ikkje så vanskeleg å forstå om ein følgjer pengane. Ifølgje SSB var snittinntekta til ein gardbrukar i Møre og Romsdal 166 600 kroner i 2021. Verre er det at nesten 40 prosent gjekk i minus. Trong økonomi går ut over både mental og fysisk helse. Kvifor skal neste generasjon ta over eit tapsprosjekt når dei har andre tryggare og faktisk føreseielege moglegheiter? Bøndene er stolte av yrket sitt, men stoltheit betaler ikkje for gjødsel, maskiner, drivstoff og fôr.

Bøndene treng ei rettferdig løn for arbeidet. Tilskot er heilt avgjerande for å halde oppe landbruket i distrikta, men òg for å halde prisane nede for forbrukarane. Verdiane som blir skapte gjennom tilskot, gir store ringverknader tilbake til statskassa. Landbrukstilskota er ei investering i busetjing og næringsliv i bygdene, så tilskotsramma må henge med på prisauken som bøndene opplever.

Landbruket må ha velferdsordningar som kan konkurrere med andre næringar. Dette er spesielt viktig for å styrkje rekrutteringa. Å vere bonde skal ikkje vere eit hinder for å få barn. Gode velferdsordningar i samband med svangerskap, fødsel og sjukdom må på plass snarast. Det trengst meir midlar til ferie og fritid for bonden. Dette er midlar som i neste omgang gir auka sysselsetjing og større skatteinntekter til staten. Ei styrking av velferdsordningane er såleis både ei investering i god helse for bonden og i fleire arbeidsplassar i distrikta.

Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag har krava klare. Men vi treng støtte frå befolkninga for å lykkast. Det viktigaste ein kan gjere for å støtte den norske bonden, er å kjøpe norsk mat. Årets jordbruksoppgjer blir eitt av dei viktigaste for jordbruket her i fylket. Vi håper at alle dei som ønskjer å bevare det norske jordbruket, vil vise si støtte utover våren. Det handlar til sjuande og sist om kva slags matvarer du vil finne i lokalbutikken i framtida.