Begge stader varer kurset frå kl 10.30 - 16.00.

Nærmer det seg eigarskifte på garden? Då er dette ein nyttig dag å delta på. Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er i ein eigarskifteprosess. Aktuelle tema vil vere: planleggingsfase og modningsfase fram mot generasjonsskifte / eigarskifte - skatt - odelsrett - konsesjon med meir.

Det er samarbeidsadvokatane våre i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS som held kurset. Frå kontoret i Molde stiller Advokat Marit Moe Rasmussen, og frå kontoret i Ålesund kjem advokat Øystein Remme.

Deltakaravgift er kr 800,- per person inkludert varm lunsj på hotellet.

Du melder deg på her: Påmelding eigarskiftekurs

Påmeldingsfrist er torsdag 14. september for kurset i Ulsteinvik, og torsdag 5. oktober for kurset i Kristiansund.

Har du spørsmål om kurs eller påmelding? Kontaktperson er Atle Frantzen, tlf 909 54 787.