Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk.


I år har vi særleg fokus på viktigheita av landbruket for beredskap og mattryggleik. Dagen blir leia av Kristin Sørheim. Ho er veterinær og forskar ved NORSØK.

Program
09:30 – 10:00 Registrering og kaffi

10:00 – 10:20 Musikalsk opning med Untitled frå nasjonal jazzlinje i Molde.
Opning ved Else-May Botten, Statsforvaltar i Møre og Romsdal

10:20 – 11:05 Samfunnstryggleik og beredskap i ein ny sikkerheitspolitisk situasjon - Korleis rigge oss betre for nasjonal matproduksjon, mattryggleik og forsyningstryggleik?
Elisabeth Vik Aspaker, Statsforvaltar i Troms og Finnmark og nestleiar i Totalberedskapskommisjonen

11:05 – 11:50 Mattryggleik og beredskap på landbruksområdet
Bjørn Martin Ørvim, spesialrådgjevar i Riksrevisjonen

11:50 - 12:10 Pause

12:10 – 13:00 Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal
Fylkesordførar Anders Riise
Samtale med dei tre innleiarane

13:00 -14:00 Lunsj

14:00 – 14:30 Korleis bidreg vi i totalberedskapen?
Ellen Marie Syse, styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Konrad Kongshaug, styremedlem i Norges Bondelag

14:30 – 14:50 Pause

14:50 – 15:30 Inspirasjonsbønder
Hegelin Waldal og Audun Skjervøy, Fjord
Anne-Berit og Ola Kvendset, Surnadal

15:30 – 15:45 Utdeling av landbruksselskapets Inspirasjonspris

15:45 – 16:00 Oppsummering / avslutning ved fylkesleiarane
Olav Håkon Ulfsnes, Møre og Romsdal Bondelag
Stein Asle Brubæk, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag

16:00 Vel heim!

PÅMELDING
Pris: kr. 500,- pr. pers. inkl. lunsj og forfriskningar. Dette blir fakturert i etterkant av konferansen.
Påmelding snarast - og seinast 24. februar 2024. Dei som skal vere delegatar på årsmøtet til Møre og Romsdal bondelag vil ikkje bli fakturert.

Meld deg på Landbrukskonferansen her