Velkommen til Jordvernkonferansen 21. mai på Gjermundnes
Møre og Romsdal er i landstoppen i forhold til å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Berre i løpet av dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tatt i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet. Dette er bakteppet når vi inviterer til Jordvernkonferanse på Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes laurdag 21.mai.
Målgruppe for konferansen er alle som på ulike måtar er opptatt av jordvern og av at samfunnet har eit bevisst forhold til det å ta vare på dyrka og dyrkbar jord. Dette gjeld t.d. saksbehandlarar i kommunane, politikarar og planutval, bønder og andre som er opptekne av at folketalet aukar og at det difor trengst meir mat.
Gjermundnes vidaregåande skule, laurdag 21. mai 2016
Kl. 11.00 Landbruksmuseet opnar for omvisning
Kl. 11.30 Kaffe og registrering
Møteleiar: Kolbjørn Gaustad, styreleiar ved Landbruksmuseet for Møre og Romsdal og Jordvern Møre og Romsdal
Kl. 12.00 Opning av Jordvernkonferansen ved Geir Inge Lien, ordførar i Vestnes kommune
- Rektor Aadne Haarr: «Gjermundnes landbruksskule gjennom 100 år»
- Landbruksdirektør Frank Madsøy: «Jordvern – eit samfunnsansvar»
- Stortingsrepresentant Pål Farstad (V): «Kva er nytt i lovverket?»
- Utbyggingssjef i Rauma, Heidi Skaug: «Jordvernet i kommunal arealforvaltning»
Kl. 14.30 Middagspause med servering av ein enkel middagsrett. Etter middagen blir det høve til gruppevis
omvising på landbruksmuseet.
Kl. 15.30 Avd. dir. i Statens vegvesen Ole Syltebø: «Kvar skal vegen gå i framtida?»
Kl. 16.00 «Bybonde i nedbyggingsland». Wollert Dankert Krohn og Øystein Solli er bønder i Molde og har følt korleis det er å drive bynært landbruk.
Kl. 16.30 Landbruksjournalist Bjørn Steinar Skarbø frå Landbruk Nordvest stiller spørsmål til alle Innleiarane.
Kl. 17.00 Avslutning
Arrangør: Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og Jordvern Møre og Romsdal
Påmelding: Innan torsdag 19. mai til more.romsdal@bondelaget.no, tlf. 909 54 787
Det er inga deltakaravgift.
Fakta om jordvern
- Det tek over 10 000 år å skapa eit matjordlag på 25 cm.
- I Norge er kun tre prosent av landarealet dyrka.
- Det kan dyrkast matkorn kun på ein tredel av det dyrka arealet i Norge. Resten av det dyrka arealet kan brukast til gras eller andre meir hardføre matplantar.
- Frå gammalt av er byane etablert i nærheten av der det var muleg å dyrka jord.
- Det er ei nasjonal målsetjing at matproduksjonen skal aukast.
- I 2014 vart totalt 783 dekar dyrka og dyrkbar jord omdisponert til anna enn landbruk i Møre og Romsdal. Fylket er dermed i landstoppen når det gjeld bortfall av dyrka jord.
- Det er vedtatt ein nasjonal jordvernstrategi med målsetjing om at årleg nedbygging av dyrka mark ikkje skal overstige 4000 dekar. Det er utarbeida eigen jordvernstrategi for Møre og Romsdal.
- Organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal vart skipa vinteren 2016. Den har som målsetjing å samla brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.