Temamøte i Ørsta om rekruttering
Tysdag 28. april frå kl 10 til kl 14 arrangerer Bondelaget og Ørsta kommune temamøte om rekruttering i landbruket på rådhuset i Ørsta. Møtet er ope for alle, men rettar seg særleg mot bønder over 55-60 år samt personar som er ute etter å kjøpe landbrukseigedom.
Landbrukskontoret i Ørsta har tidlegare sendt ut informasjon om møtet. Tema for møtet blir m.a. kjensler knytt til å selje slektsgard, matvaresituasjonen her i landet og i verda. Det blir innlegg frå ein som sterkt vurderer å selje garden og frå ein som har kjøpt gard på den opne marknaden.
Målet med møtet er å gje merksemd til dette med kva som skjer med gardane når noverande eigar/brukar når pensjonsalder. Mange gardbrukarar nærmar seg eller har nådd pensjonsalder, og det er ikkje slik at neste generasjon alltid står klar til å ta over. Kva skal skje med garden? Finst det kjøparar å selje til? Kva haldningar har ein til det å selje garden ut av slekta?
Det er mange i same båt, og vi ønsker å bringe desse saman og skape ein arena for diskusjon rundt eit tema som mange oppfatter som følsomt.
Program:
10.00 – 10.15 Kaffi, litt å bite i
10.15 – 10.20 Innleiing
10.20 – 11.00 Det handlar om følelsar. Om bondeyrket, om tradisjonar, om følelsar til slektsgard m.v.
11.00 – 11.30 Mattryggleik. Folketalsvekst, matproduksjon, handel. Nasjonale og globale trendar.
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 12.35 Innlegg frå ein som har selt garden ut av slekta, eller har bestemt seg for å gjere det. Kor vanskeleg er det, og kva prosessar må ein gjennom i høve både seg sjølv og familien.
12.35 – 12.55 Innlegg frå ein som har kjøpt ein gard på den opne marknaden (evt. som har leitt lenge). Kvifor ville bli bonde? Kor vanskeleg er det å finne gard til sals?
12.55 – 13.05 Pause
13.05 – 13.15 Tilbod frå prosjektet ”Fortsatt gardsdrift”
13.15 – 13.30 Innlegg frå kommunen
13.30 – 13.45 Innlegg frå lokalt bondelag
13.45 – 14.00 Oppsummering
Det er inga påmelding – berre å møte opp.
Link til info på Landbrukskontoret si heimeside - KLIKK HER