Prosjektleiar i Statens vegvesen, Halgeir Brudeseth, orienterte om prosess og framdrift i arbeidet, med særleg vekt på korleis dyrka og dyrkbart areal er omsyntatt i planlegging og i samband med fysisk arbeid i terrenget, samt korleis det blir med etterbruk av jordmassane. I tillegg var det fokus på korleis det blir tilrettelagt for landbruksdrift og matproduksjon i tilknytning til ferdig veganlegg. 

Viktig med klare innspel tidleg i prosessen
For at landbruks- og matproduksjon skal ivaretakast på best muleg måte er det viktig å vera ein aktiv aktør og tidleg i prosessen koma med klare innspel på trase. I neste omgang bør ein ha klare innspel på korleis veganlegget kan utformast for at det skal bli minst muleg ulemper for landbruksdrifta. I så måte er det viktig også å ha god dialog med entreprenør i anleggsperioden og å søkja råd hos landbruks- og jordfagleg kompetanse. Det er også bra om grunneigarar og matprodusentar kan presentera felles krav og innspel.

Statens vegvesen sin presentasjon av prosjektet E39 Lønset - Hjelset kan du sjå her.

Framleis store praktiske utfordringar
Det kom også klart fram at oppdyrking av erstatningsareal ikkje er så lett som det gjerne blir framstilt i kommunestyremøta. Sjølv om krava til jordhandtering og etterbruk av matjord ser bra ut på papiret og gjennom dei vedtak og avtalar som blir gjort, viser den praktiske gjennomføringa av arbeidet at ein her har store utfordringar, særleg knytt til at det er svært ugunstig å handtera matjord når den er våt.

Dronebilder frå prosjektet E39 Lønset - Hjelset kan du sjå her.

Leiarskifte i Jordvernforeninga
I årsmøtet vart Øystein Solli vald som ny leiar i Jordvern Møre og Romsdal. Kolbjørn Gaustad gjekk no av som leiar. Han har vore leiar sidan oppstarten for seks år sidan og vart utnevnt som æresmedlem. Leif Inge Grepstad vart ny nestleiar.