Nyttig temadag om eigarskifte
Det vart ein nyttig og lærerik temadag om eigarskifte for dei 45 unge og eldre bøndene som deltok på Møre og Romsdal Bondelags temadag i Surnadal laurdag 11. november. Bondelagets samarbeidsadvokat Ole Houlder Rødstøl sto for det faglege innhaldet.
Ole Houlder Rødstøl er partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz i Molde og samarbeidsadvokat for Møre og Romsdal Bondelag. Han har særlege arbeidsområde knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt. Han har sjølv drive eigen gard med dyr i Molde.
Temadagen hadde ikkje som formål å setje deltakarane i stand til å gjennomføre eit eigarskifte på eiga hand med utfylling av alle skjema. Derimot var det fokus på regelverk for planlegging og gjennomføring av eigarskifte, og kva ein bør vere merksam på av økonomiske og menneskeleg omsyn. Familiane må vere flinke til å samtale framfor eit eigarskifte. Rødstøl påpeikte at eit eigarskifte ofte er eit «skifte» i levande live, og då er kommunikasjon, kommunikasjon og kommunikasjon det viktigaste.
Målgruppe for temadagen var alle som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess. Sjølve prosessen kan ta lang tid og det er viktig å inkludere og involvere alle berørte partar, unge og eldre generasjon. Frå mange familiar var begge generasjonane tilstade, og det deltok også rekneskapsførarar.