I samarbeid med Statens vegvesen, inviterte Jordvern Møre og Romsdal til befaring og orientering på veganlegget på Hjelset. Det var til saman 16 personar til stades, deriblant prosjektleiarane Halgeir Brudeseth og Andreas Eidem frå SVV, samt prosjektleiarane Oddvar Hamre og Hjortur Ørn Eidsson frå hovedentreprenør Bertelsen & Garpestad.

Handtering av matjord er svært krevjande
Under befaringa var det særleg fokus på praktisk handtering og gjenbruk av jordmassar, flytting av jord og øvrig handtering av jord til ulike årstider og skiftande vêrforhold, samt korleis dette blir handtert i forhold til fristar for framdrift.

Etter gjennomført befaring vart det invitert til orientering på prosjektkontoret til SVV på Hjelset. Halgeir Brudeseth orienterte om prosess og status for det 9,3 km lange vegprosjektet. Han gjorde greie for vedtatt reguleringsplan og kva kontrakta mellom SVV og hovedentreprenør Bertelsen & Garpestad seier om lagring, ivaretaking og handtering av matjord. 

Gjennom befaring og orientering kom det klart fram at handtering av matjord er svært krevjande, særleg ut frå gjeldande vêr- og klimaforhold, samt dei fristar for framdrift som er sett.

Til slutt vart det orientert om status og framdrift i planlegging av ny E39 Astad – Bjerkeset i Gjemnes.


Årsmøte og val
Etter gjennomført befaring og orientering, var det forflytning til klubbhuset til IL Hjelset – Fram på Skjevikåsen. Her vart det invitert på ein matbit før ein gjekk over til dei ordinære årsmøtesakene.

Øystein Solli tok gjenvalg som leiar. Stein Ulrik Brubakk vart nytt styremedlem, Olav Martin Synnes ny 2.vara og Eli Sæther ny i valgkomitéen.

Nokon må representere jordvernet
Etter gjennomført valg takka Øystein Solli for tilliten ved å bli attvald og påpeika at ein i jordvernarbeidet stadig møter nye utfordringar. Det er difor viktig å ha ein organisasjon som Jorvernforeninga, som heile tida kan representera jordvernet. Ikkje minst vil det vera viktig å arbeida godt fagleg på dette området vidare framover.

Du kan følgje Jordvernforeninga i Møre og Romsdal på Facebook. Her kan du også ta kontakt om du ynskjer å melde deg inn i foreninga og støtte dette viktige arbeidet. 

Helge Øverås går no ut av styret etter å ha vore med sidan oppstarten i 2016. Han fekk blomster som takk for innsatsen og kommenterte at han no, etter 34 år som bonde, er i ferd med å overføra gardsdrifta til ny generasjon og at det då er naturleg å omprioritera litt på engasjement og måtar å arbeida på.