Mørebenken på Stortinget var invitert til å delta på fredagen. Jenny Klinge (Sp) og Per Vidar Kjølmoen (Ap) som begge sit i næringskomitéen bidrog med kvart sitt innlegg og vart også verande utover dagen for å lytte og lære og prate med folk. 

Fredagen brukte vi elles mykje tid på å trenge inn i materien i NOU-rapporten om inntektsmåling i jordbruket – den såkalla Grytten-rapporten. Dette kan du lese meir om her: Grytten-rapport og landbrukspolitisk verksted på Ledermøtet i Molde - Norges Bondelag (bondelaget.no)

Fredag ettermiddag fekk vi ein lett og ledig, og samtidig innhaldsmetta historietime. Harald Velsand gjekk kronologisk gjennom viktige milepålar i Norges Bondelags historie, med bilete og anekdotar. Dette vart ein time der forsamlinga kunne lene seg tilbake og nyte det heile – og samtidig kjenne litt på stoltheita over å vere ein del av denne lange historia. 

Dette vart ein fin overgang til middagen på kvelden, der vi markerte at det i år er 75 år sidan Møre og Romsdal Bondelag vart skipa. Feiringa var lagt til ei av stovene på Alexandra, der vi var samla til eit langt og godt bordsete med velsmakande mat og god prat rundt borda. I høve jubiléet var både æresmedlemer, tidlegare fylkesleiarar og tidlegare organisasjonssjefar invitert. Gjennom kåseri og talar fekk vi sjå både bakover og framover. Og folkemusikkgruppa Ferdafolk bidrog med flott musikk og humørfylt samspel. Vi nytta også høvet til å takke av Ole Houlder Rødstøl, samarbeidsadvokaten vår gjennom mange år. 

Økta på laurdag var vigd lokallagsarbeidet. Det var Bodhild Fjelltveit som var innleiar og elles brukte vi mykje tid i grupper for å dele erfaringar og inspirere kvarandre til godt lokallagsarbeid. Formiddagen var delt i to, der vi først hadde fokus på studiearbeid og innspel til jordbruksforhandlingane og sidan på annan aktivitet i lokallaget og lokalsamfunnet.

Mange lokale tillitsvalde delte også gode eksempel i plenum. Surnadal Bondelag fortalde korleis dei i samarbeid med kommunen og andre aktørar har arbeidd med opprydding etter Gyda sist vinter. Og Hornindal Bondelag fortalde om avløysarkurs for ungdomsskuleelevar. Kurset er lagt opp som valfag og er eit samarbeid mellom skulen, ulike fagpersonar som deltar i undervisninga og seks bønder som har med elevar i fjøset på kveldstid. Dette skuleåret er det 13 elevar som deltek. Snakk om flott rekrutteringsarbeid!