Jordbruksoppgjeret nærmar seg. Møre og Romsdal Bondelag har levert sitt innspel til Norges Bondelag. Og 22.-23. mars skal representantskapet samlast. Her sit styret for Norges Bondelag, alle fylkesleiarane, pluss representantar frå 16 organisasjonar i landbruket. Det er representantskapet som legg føringane for forhandlingsutvalet sitt arbeid.

Tydeleg marsjordre
Vi tek ein prat med fylkesleiar Konrad Kongshaug om kva han tenkjer er det viktigaste han har med seg frå Møre og Romsdal inn i representantskapet. Og han nøler ikkje med svaret:
- Eg opplever at eg har fått ein veldig klar marsjordre. Den går på å gi dei grasbaserte produksjonane eit kraftig løft, slik at økonomien i desse produksjonane kjem etter. Vi vil gå inn for å styrke mjølkeøkonomien etter produksjonsomfang med eit literbasert tilskudd, samtidig som vi fortsatt må løfte økonomien i sau og storfekjøttproduksjonen med målretta midlar.

Velferd fortsatt viktig
Når det gjeld velferdsordningar, har vi fortsatt ein jobb å gjere, og denne jobben må prioriterast høgt. I tillegg til auka inntekt og utjamning av inntektsforskjellar, er gode velferdsordningar knytt til sjukdom, svangerskap og fødsel heilt avgjerande for rekrutteringa til næringa.

Vi skal også bygge vidare på det vi fekk til i fjor når det gjeld grønt, frukt og bær. Då fekk vi på plass eit tilskudd for industribær. No som ordninga finst gjeld det å bygge den ut.

Eg gler meg
Innspelet frå Møre og Romsdal Bondelag inneheld konkrete forslag til korleis vi kan styrke dei ulike produksjonane og vi har også konkrete forslag til korleis vi kan styrke velferdsordningane. Desse har eg med meg til representanskapet. Eg gler meg til å representere medlemmene våre i dette forumet og til å bringe vidare det som er viktig for oss her i fylket.

Eg ser for meg to hektiske og intensive dagar, der eg skal kjempe for inntektsløft for heile næringa, og spesielt matprodusentane i Møre og Romsdal sine mogelegheiter for å få ei inntekt på nivå med samfunnet elles. Møre og Romsdal er kjent for å vere aktive og markante i dette forumet gjennom mange tiår, og denne tradisjonen skal vi fortsette. Vi kjem ingen veg utan å vere offensive og tenke nytt.