Voss Bondelag fyller 80 år!Voss Bondelag vart skipa 28.februar 1934, men det hadde lenge vore samarbeid mellom bøndene gjennom sokneselskapet.

Me var rundt 80 bønder som feira laget på Park Hotel Vossevangen, med ein god middag, underhaldning, jubileumskake og kaffi. Etter dette svinga me oss i dansen til god musikk av Odd Hagen.

Haldor Dugstad fortalde oss lagssoga til Voss Bondelag, der han kom med mykje god kunnskap.

Leiaren i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, snakka om korleis stoda er for bonden i dag, sett ifrå sentralt hald.

Voss bygdekvinnelag ved Ingeleiv Haugo kom med ei flott blomehelsing til jubilanten, likeeins Hordaland Bondelag ved leiar Frøydis Haugen. Granvin Bondelag ved Inga W. Rørlien helsa med lokalmat, ei spekjepølse. Samstyret  kom med konfekt, som dei ynskjer vert opna på neste samstyremøte!!

Festleiar Guro Sofie Gjelland hadde ei stø hånd  på heile kvelden, noe som gjorde at bøndene tykte det vart ein flott fest for jubilanten.

Tekst og bilete: Brynhild Tennebekk Bjørke

Trond Olav Neteland, Vossestrand Bondelag, Bjørne Røthe, Bulken-Evanger Bondelag, Frøydis Haugen, Hordaland Bondelag og Ole Jørgen Rio, Voss Bondelag

Festleiar Guro Sofie Gjelland, Nils T. Bjørke og Brynhild Tennebekk Bjørke

Leiar i Voss Bondelag, Ole Jørgen Rio med leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen