Voss Bondelag fylte 80 år!
Laurdag 1.mars feira Voss Bondelag 80 år. Både fylkesleiar Frøydis Haugen og leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, var med på festen.
Voss Bondelag vart skipa 28.februar 1934, men det hadde lenge vore samarbeid mellom bøndene gjennom sokneselskapet.
Me var rundt 80 bønder som feira laget på Park Hotel Vossevangen, med ein god middag, underhaldning, jubileumskake og kaffi. Etter dette svinga me oss i dansen til god musikk av Odd Hagen.
Haldor Dugstad fortalde oss lagssoga til Voss Bondelag, der han kom med mykje god kunnskap.
Leiaren i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, snakka om korleis stoda er for bonden i dag, sett ifrå sentralt hald.
Voss bygdekvinnelag ved Ingeleiv Haugo kom med ei flott blomehelsing til jubilanten, likeeins Hordaland Bondelag ved leiar Frøydis Haugen. Granvin Bondelag ved Inga W. Rørlien helsa med lokalmat, ei spekjepølse. Samstyret kom med konfekt, som dei ynskjer vert opna på neste samstyremøte!!
Festleiar Guro Sofie Gjelland hadde ei stø hånd på heile kvelden, noe som gjorde at bøndene tykte det vart ein flott fest for jubilanten.
Tekst og bilete: Brynhild Tennebekk Bjørke