- Topp avling
Hjå Geir Støfring i Jølster er slåtten i gang.
- Det er bra mengde og veldig god kvalitet seier lokallagsleiaren i Jølster Bondelag.
Støfring fortel at han byrja slåtten for to dagar sidan. Han har cirka 350 mål slåttemark, men driv også med leigeslått.
- Det er slitsomt når det står på, men det er viktig å sikre avlinga. For bonden er det nesten eit høgdepunkt.
Tidelegare enn vanleg
- Eg bur på ei sandrik jord og varmen, frå fleire periodar i år, har drive avlinga fram raskare enn vanleg.
Støfring fortel han starta slåtten 1,5 - 2 veker før han brukar.
- Me kan risikere å kome i utakt med den kjende rytmen me har, men eg håpar det skal gå bra.
Håpar å halde trøkket oppe
- Det er mykje å gjere.
Bonden fortel om lange dagar og tøft arbeid. Heldigvis får han god hjelp av heile familien, det er han glad for.
- Det er kjekt at dei hjelper til, eg set pris på det.
Sjølv om det er mykje som skjer og masse som skal gjerast, er Støfring oppteken av å kunne unne seg ein pause inni mellom.
- Et ein is eller ta eit bad, slik får ein litt ekstra energi.